Tillitsvalde ved dei vidaregåande skulane

Bekymra for den økonomiske situasjonen

Tillitsvalde ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er bekymra for den økonomiske situasjonen skulane står overfor i dei komande åra.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

I møte 24. oktober godkjende Finansutvalet punkta i prosjektleiar sitt arbeidsdokument 6/19 der det blei føreslege eit prosentvis nedtak på skulane i Sogn og Fjordane på 6,4 mill., samt eit samla nedtak på skulane i Vestland på 20,3 mill. Som tillitsvalde kan me ikkje sjå korleis skulane kan ta slike reduksjonar utan at ein råkar kjerneaktivitet og at kvaliteten i opplæringa blir dårlegare. Som øvste leiarar for vidaregåande opplæring forventar me at de tek ansvaret for kva budsjettkutt som skal gjerast og kva konsekvensar desse vil få, i staden for å skyve ansvaret over på den enkelte skule. 

I tillegg til å forvente at de er tydelege på kva oppgåver de meiner skulane kan kutte i 19/20, meiner me òg at: 

• Det må lagast ansvarlege budsjett for skulesektoren som sikrar god opplæring

• Klassestorleiken ved skulane ikkje må aukast 

• Ved budsjettreduksjonar innan opplæringssektoren må ein skjerme primæroppgåvene til skulane og tiltak som er viktige for kvaliteten i opplæringa. 

Me fryktar at større klassar, smalare tilbod på den einskilde skule og innsparingskrav som går ut over kvaliteten i opplæringa vil føre til dårlegare mogelegheit til å følgje opp elevane, svakare elevprestasjonar og dårlegare gjennomføring. Me er også uroa over at endringar i tilbodet ved skulane vil påverke talet på lærlingplassar, og dette kan gje uheldige utslag for både elevar, bedrifter og lokalsamfunn. 

Elevane i Sogn og Fjordane har gode karakterar og høg gjennomføringsgrad. Me meiner – slik budsjettsituasjonen for skulane våre er – at det vil vere ein vesentleg risiko for at kutt i driftsbudsjetta til skulane vil påverke dei gode resultata vi har hatt i negativ retning.

Brevet som er attgjeve her er stila til politikarane i Vestland, og er underteikna av ATV- ar ved alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane:

Kari Margrete Fardal (Sogndal), Ingrid Rivedal Yndestad (Dale), Sabine Exner (Firda), Daniel Longfellow (Høyanger), Liv-Olene Lode Hatlegjerde (Eid), Cecilie Fotland (Stryn), Hilde-Joveig Ellingsund (Flora), John Martin Høines (Sygna), Jon Arild Halland (Hafstad), Paul Antonsen (Mo og Øyrane vgs avd. Mo), Siri Brændmo (Mo og Øyrane vgs, avd. Øyrane), Inger Ane Svardal (Flora), Nina Jevnaker (Årdal), Erik Gotteberg Eide (Måløy).