Dagens leiar

Operaeventyret

Denne veka brakar det laust med operaveker og familieoperaen Hans og Grete i Operahuset Nordfjord.

Eventyr: Opera Nordfjord er inne i sin 22. sesong og onsdag er det premiere på operaen Hans og Grete.   Foto: Inger Træen

Utan Opera Nordfjord hadde vi aldri fått storstova Operahuset.

Meiningar

Her vert vi lova ein ekte eventyropera med magi, skrekk og gru, humor, mykje glede og uvanleg vakker musikk!

Opera Nordfjord er inne i sin 22. sesong. Det er litt av eit apparat som er i sving for å få dette til. Fleire hundre frivillige stiller opp på dugnad kvart år – enten med å pugge tekstar, dansetrinn, eller innan kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår, sminke og servering. Mange har i mange månadar jobba for at familieoperaen no kan setjast opp.

Operasjefen ønskjer seg sjølvsagt fulle hus, og i år innbyr dei også til jomfrutur til dei som er skeptisk eller aldri vore på opera. Distriktsoperaen vår har vore med på å vekke interessa for opera hos mange, sjølv om det framleis er mange nordfjordingar som aldri har gått på opera på Nordfjordeid.

Utan Opera Nordfjord hadde vi aldri fått storstova Operahuset. Det var operaparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich som vekte appetitten for operaeventyret i fjordane. Men det var også mange som rista på hovudet over ideen deira om å starte distriktsopera her. Få hadde tru på at opera ville engasjere. Hadde det ikkje vore for dei hadde heller ikkje Operahuset Nordfjord kunne feira sitt tiårsjubileum i år – heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg.

Ei stor takk skal også dugnadsfolket ha, som lagar magiske augneblink år etter år. Over 13.000 dugnadstimar vert lagt ned, der profesjonelle og amatørar står saman på operascena.

Etter at Operahuset kom har det vorte ei anna tidsrekning både for vår distriktsopera, dei som står på scena og alle dei som jobbar som frivillige – for at ein haust etter haust kan invitere til opera i Nordfjord.