Lesarinnlegg

– Ei slik teneste kan aldri bli hundre prosent perfekt

I Helse Førde er vi glade for det sterke engasjementet rundt ei av dei viktigaste tenestene vi leverer, nemleg dei prehospitale tenestene, eller i daglegtale ambulansetilbodet.

–Vårt styre har bede om at dei tilgjengelege ressursane blir nytta på best mogeleg måte, til beste for den samla befolkninga i Sogn og Fjordane, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Sist veke beslutta styret i Helse Førde å sende framlegget til framtidig organisering av dei prehospitale tenestene ut på høyring. Dette omfattar bil- og båtambulanse, AMK-sentral, luftambulanse/redningshelikopter samt legevakt og er lagt opp innanfor budsjettet som desse tenestene hadde i 2018, i tråd med krav frå styret vårt.

For dei som ønskjer å debattere planen eller lufte sterke meiningar om den, kan det vere tenleg å lese dokumentet i forkant. Heile planen ligg ope ute på våre nettsider.

I arbeidet med planen har vi lagt vekt på å involvere kommunane i arbeidet, og har hatt ei rekke orienterings- og diskusjonsmøte med dei. Vårt styre har bede om at dei tilgjengelege ressursane blir nytta på best mogeleg måte, til beste for den samla befolkinga i Sogn og Fjordane. No i høyringsperioden har alle kommunane høve til å komme med sine synspunkt på planen.

I arbeidet med planen har det vore nytta avanserte simuleringsmodellar tufta på historiske data, samt framskrivingar basert på data frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dette har gjort det mogeleg å sjå kommande endringar i oppdragsmengd, og å berekne responstider der det blir gjort endringar.

I planen er det framlegg om å endre noko på dagens ambulansestruktur. Dette er gjort på måtar der vi meiner det råkar minst mogeleg del av befolkinga, og i minst mogeleg grad går ut over responstider og beredskap.

Når så mykje er sagt, kan det vere greitt å vite at det aldri har blitt brukt større ressursar på ambulansetenesta i Sogn og Fjordane enn i 2018. Vi har sannsynlegvis landets aller beste dekning av ambulanse- og redningshelikopter, og vi har bygd eller fornya bilambulansestasjonane ei rekke stader i fylket.

Ei slik teneste kan aldri bli hundre prosent perfekt. Men det er eit mål å kome så nær perfeksjon som mogeleg, innanfor dei rammene vi har. Vi meiner framlegget til framtidig organisering vil gje ei teneste som sikrar folk i Sogn og Fjordane større grad av tryggleik enn nokon sinne før.