Svar til Utdanningsforbundet

Heilt rett at vi må framsnakke tenestene våre. Heilt rett at vi ønskjer å bygge ein framtidsretta tilbod for våre barn og unge.

Det pedagogiske teamet er slik eg skjønner det ikkje eit team. Ein skal ikkje jobbe med ein teamleiar men sjølvstendig der rektor er oppdragsgjevar. Dessverre, dette er for meg ikkje framtidsretta, eg trur Stad no gjer ein stor feil og derfor reagerer eg, skriv Stein Robert Osdal, ordførar i Selje, i sitt svar til Utdanningsforbundet.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Derfor kan eg og skrive under på det du skriver: «Dei tilsette på begge kontora sit med solid og viktig fagkompetanse som vi treng i Stad kommune. Vi må sjå framover og bygge ei god og framtidsretta teneste saman til det beste for borna som skal vekse opp i kommunen vår.»


 

Etter orienteringa i mars har det visst seg at PPT kontoret i Selje er imot den løysinga som er valt. Ein går også på tvers av det nesten alle kommunar i landet gjer.


 

Det som nesten alle kommunar no gjer er å bygge opp ei god kommunal PPT ordning enten åleine eller saman med andre kommunar. Vågsøy går no inn og bygger opp sin eigen teneste, saman med Flora i Kinn kommune.

Kvifor Stad kommune, som kanskje den einaste kommunen i landet skal organisere det slik skjønner eg ikkje. kvifor denne ordninga er så mykje betre enn ei god kommunal teneste, svarer ikkje Utdanningsforbundet på.

Det som er fakta visst dette går igjennom er at PPT ordninga som mange i Selje er så fornøgd med  vert lagt ned. Det vi veit er at tenestene i Selje får gode tilbakemeldingar, både frå skulane, frå foreldra og frå BUP.

Vi veit at tenesta har høg kompetanse og at dei jobbar godt i lag. Dette var altså ikkje godt nok. Kvifor kunne ikkje Stad kommune hatt tenesta sjølv, tilsett 2 årsverk til og hatt ei robust teneste med ei tverrfagleg kompetanse som gagna barna i barnehage og skule.

Det pedagogiske teamet er slik eg skjønner det ikkje eit team. Ein skal ikkje jobbe med ein teamleiar men sjølvstendig der rektor er oppdragsgjevar. Dessverre, dette er for meg ikkje framtidsretta, eg trur Stad no gjer ein stor feil og derfor reagerer eg.