Dagens leiar

Mange frivillige bidrar lokalt

Tysdag var det mange lokale lag og organisasjonar som jubla over at dei fekk gåvemidlar frå Sparebanken Vest under Hjartebank-arrangementet i Eid Idrettshus.

JUBEL: Tysdag vart Hjartebank Eid arrangert, og totalt elleve lag og organisasjonar kunne juble for midlar frå Sparebanken Vest. Arrangementet viser også at det er mange som bidrar som frivillige lokalt. Dei mange brennande eldsjelene fortener takk.   Foto: Olin Maria Yri

Mange har stor glede i å stille som frivillig.

Meiningar

Men arrangementet viser også at det er mange som bidrar som frivillige lokalt.

Floskelen «Utan frivillige stoggar Norge» er ikkje langt unna sanninga.

Mange har stor glede i å stille som frivillig. Ein kjem kanskje inn som hjelpetrenar fordi du har ein son eller dotter som er med på ein aktivitet.

Enten det er innan idrett, barnekor eller 4H. Det er alltid nokon vaksne ansvarlege som brukar av si eiga fritid for at barnet ditt kan vere med på ein aktivitet på fritida - og om ikkje så er det alltid plass til ein ekstra.

Malakoff Rockfestival har ein stor frivilliggjeng, som stiller år etter år. Berre dei åleine treng 800 frivillige som deler på 1.200 vakter.

Mange frivillige har også Opera Nordfjord. Utan dansarane, og kostyme- eller snekkargjengen hadde det vore lite opera i Nordfjord. Det er mange som brukar av si fritid for at vi kan glede oss over opera på scena i vårt eige lokale operahus. Så heldige vi er.

Dei mange brennande eldsjelene fortener takk. Vi har mange av dei i distriktet vårt. Utan alle dei frivillige og den innsatsen dei legg ned lokalt, så hadde vi ikkje hatt mykje å glede oss over. Livet til både oss vaksne og ungane våre hadde vorte fattigare og kjedelegare – det hadde vore mindre aktivitetar å delta på.

Takk til alle frivillige som bidrar til at vi har gode arrangement og aktivitetar.