Dagens leiar

Krevjande natur

Siste tida har det vore fleire stengde vegar etter ras. For ikkje så lenge sidan var det Jølster som vart ramma.

Vi må vere budde på endå meir vêr, regn, flaum og rasutsette område i framtida.   Foto: Anna Wuttudal (arkiv)

Som vestlendingar er vi vande med at vi har krevjande natur rundt oss.

Meiningar

Natt til søndag vart det dramatisk for folket i Olden, der 25 måtte evakuerast. Brått og brutalt måtte dei i all hast vekk frå heimane sine då to elvar flauma over.

Når det først tek laust med store mengder regn, så er ingenting sikkert. I Olden viste det igjen at med så mykje regn på ein gong så fann elvane nye løp. Det rann overalt.

Og fordi det skjer etter at det er mørkt er det vanskeleg å få oversikt over kor alvorleg situasjonen er. For innbyggjarane kjennest det dramatisk når ein berre høyrer buldringa frå vatn og steinar som losnar. Då er det all grunn til å bli redde.

Som vestlendingar er vi vande med at vi har ein krevjande natur rundt oss, og vi må takle vanskelege vêrsituasjonar.

Vi må vere budde på endå meir vêr, regn, flaum og rasutsette område i framtida. Kanskje er det dette som vert normalsituasjonen. Også ekspertane meiner vi må vente oss fleire skred i framtida.

Flaum og jordras har ramma Sogn og Fjordane fleire gongar før. Nokre bur på stadar som gjer at dei fryktar for ras kvar gong det regnar. Nettopp vêret er ein av dei viktigaste utløysingsfaktorane for skred.

Siste åra har både temperaturen og nedbøren auka, og ekspertane ventar at det vil halde fram med å auke, og at det vert lengre regnsesongar i framtida.

Når vêret herjar er det viktig at hjelpeapparatet fungerer som det skal. I Olden rykte alle naudetatane raskt ut. Det same gjorde Røde Kors og Sivilforsvaret frå Eid og Vågsøy. I slike situasjonar må ein stille opp for kvarandre.

Samtidig er det viktig at NVE er tidleg ute med å varsle flaum og jordskredvarsel, slik at ein kan gjere forholdsreglar.