Lesarinnlegg

Bruk stemmeretten din

Måndag 9. september må Du bruke stemmeretten din. Denne dagen blir Du høyrt og vil kunne vere med på å skape forandringar. Kvinnene er i dag lågt representerte i dei folkevalde organa. Vi må difor bli flinkare til å «heie fram» eller krysse av kvinner, ungdom, pensjonistar eller personar med minoritetsbakgrunn. På denne måten får vi folkevalde organ som betre gjenspeglar lokalsamfunna våre. Ved valet i 2015 var kvinnerepresentasjonen i Vågsøy, Selje og Eid alt for låg.

Anne Kristin Førde, Leiar i LO sitt familie og likestillingsutval, og Nils Petter Støyva, Distriktssekretær oppmodar om at folk må bruke stemmeretten 9. september.   Foto: Presse

Meiningar

Noreg er eit av dei likestilte land i verda. Likevel er det enno store og systematiske forskjellar mellom kjønna som vi må kjempe for å rette opp. I Noreg tente kvinner i 2016 i  gjennomsnitt 13,9% mindre enn menn. LO sitt mål i arbeidet med likestilling er at kvinner og menn skal ha like rettar og moglegheiter til utdanning, arbeid, inntekt, påverknad og velferd. Heile stillingar og ei sjølvstendig inntekt til å leve av er avgjerande for reell likestilling.