Lesarinnlegg

Nordfjord - moglegheitenes region!

Nordfjord er eit område med store moglegheiter og Nordfjord treng folkevalde som ser verdien i eit samarbeid der vi står i lag om dei store sakene og som har ein politikk som prioriterer tenester og utvikling nær folk der dei bur.

Leidulf Gloppestad er ordførarkandidat for Gloppen Sp,og Paul Jacob Helgesen er ordførarkandidat Stad Sp.  

Sigurd Reksnes er fylkesleiar Sogn og Fjordane Sp og fylkestingskandidat til nye Vestland. Karoline Bjerkeset er frå Gloppen og fylkestingskandidat til Nye Vestland for Sp. 

Meiningar

Senterpartiet ynskjer å bygge ei sterkare kjensle av «vi i Nordfjord». Det treng vi no i det nye Vestland fylke og vi treng å bygge alliansar med andre delar av storfylket. 

Når ein les avisene lokalt handlar mykje om kommunesamanslåingar som no skal tre i kraft. Vi meiner det er viktig at ein ikkje gløymer samarbeidet i Nordfjord på tvers av desse kommunegrensene. Framtida vert bygd i Nordfjord i lag mellom kommunar. Vi ser at gjennom samarbeid på tvers av kommunegrenser, greier vi dei store løfta. Løysinga på alle framtidas utfordringar er ikkje kommunesamanslåing og sentralisering over ein låg sko, løysinga er å løfte i lag og unne kvarandre. 

For oss som folkevalde i Gloppen og nye Stad kommune, er det viktig at vi bygger vidare på eit godt samarbeid mellom desse to kommunane som ligg midt i fjorden. Vi har også mykje til felles. Vi har flyplass, vi har eit blomstrande kulturliv, spennande teknologibedrifter med produkt i verdsklasse enten det er båtar, leverandørindustri med løysingar og produkt for sjømatnæringa, kommunikasjon og beredskap, eller automasjon. Vi har stor matproduksjon både i vatn og på land, på begge sider av fjorden, som legg grunnlaget for norsk sjølvforsyning og beredskap. Vi deler ein felles visjon med resten av Senterpartiet lokalt, på fylket og på Stortinget om at vi må ta heile landet i bruk og at folk skal ha tenester der dei bur for at vi skal nyttiggjere oss ressursane vi har og skape arbeidsplassar og gode liv i lokalsamfunna.

Vi meiner at grunnlaget for samarbeid mellom det som no blir Stad og Gloppen kommunar framleis er like stort og viktig for utviklinga i Nordfjord, og det mest utløysande prosjektet er Nordfjordbrua. Vi er difor svært glade for at Vestland Senterparti har programfesta å «arbeide for å realisere bygging av Nordfjordbrua mellom Lote og Anda med bruk av ferjeavløysingsmidlar og brukarfinansiering.» Vi skal arbeide i lag for at dette vert realisert i godt samarbeid med våre folk på fylkestinget i Vestland.