Lesarinnlegg

Vindmøller på Okla? 

Ronald Dalsbø er listetopp for Stad Kristeleg Folkeparti  Foto: Privat

Meiningar

Ser av innlegg i Fjordabladet og Fjordenes Tidende frå Stad Venstre, Stad Arbeiderparti og no sist, Stad Høgre at deira toppkandidatar toar sine hender, og uttrykkjer at dei ikkje vil engasjere seg for å prøve å stogge vindmøllene på Okla på Stadlandet.  Det skuffar meg.  I skrivande stund er det berre Stad SV og Stad KrF som har uttrykt støtte til motstanden til Okla prosjektet.  FrP og Senterpartiet har vore tause i denne saka til no.  

Hovudargumentet er at ein vil vere lojal ovanfor tidlegare fatta vedtak, der kommunestyret i Selje har vore positive til prosjektet, og  på den måten vere føreseielege.  Uansett om vedtaket var rett eller gale.  Stad Ap skriv til og med at om saka hadde vore handsama i dag, ville dei truleg stemt imot.  Då vil eg tru vegen kan verte kort over til det monge vil kalle at det går prestisje i saka.

I tillegg vil dei vere føreseielege ovanfor utbyggjar som har satsa pengar på prosjektet.  Ein utbyggjar som i dette tilfellet er eit stort utanlandsk selskap, som driv med dette fordi det er svært lønsamt i Noreg.  Argumentet med å vere føreseieleg er sjølvsagt i og for seg godt, og heilt sikkert godt meint.  Problemet i denne saka er at fleire og fleire etterkvart ser at desse vedtaka som Venstre, Høgre og Ap vil vere lojale mot, var dårlege vedtak.  Der er då nærliggjande, i alle fall for meg,  å tru at vedtaka vart fatta på eit for dårleg grunnlag.  Ein såg ikkje, eller vart ikkje førespegla dei uheldige konsekvensane av prosjektet.  Det er kanskje ikkje så rart, i og med at utbyggjar stort sett står for analysene og utgreiingane sjølv.  Rett nok er andre, sokalla frittståande firma hyra inn til enkelte analyser, men det er dei same firma som går igjen i prosjekt etter prosjekt.  Dette utgjer eit velsmurd maskineri med store utanlandske selskap i ryggen, som er utruleg dyktige på å «selje inn» slike prosjekt til grunneigarar og lokalpolitikarar i Noreg.  Stad Ap hevdar i sitt innlegg at prosessane i Okla prosjektet har vore ryddige.  Eg er ikkje så sikker på det.  Eg trur informasjonen kunne vore langt betre og meir nyansert både ovanfor lokalpolitikarane, grunneigarane og ikkje minst ovanfor folket.

Stad Høgre skriv at det er uaktuelt for dei å risikere søksmål frå utbyggjar, og viser til Frøya.  Der har kommunen fått søksmål frå utbyggjar på 700 000 kroner, grunna stans i anleggsarbeidet.  Om det er det som skal til, vil eg seie at det er vel anvende pengar for å bevare naturen på Stadlandet. 

Eg vil tore å påstå at tida for nye vindindustriprosjekt på land i urørd Norsk natur snart er over.  Fordi vi rett og slett veit betre.  Stad Høgre hevda i sitt innlegg i Fjordabladet at vi ikkje berre kan snu kappa etter vinden.  Som sjømann vil eg bruke eit anna bilete; om båten eg er på har feil kurs, vil eg føretrekkje å ha både ein kaptein, og øvrig mannskap på brua, som ikkje berre er lojale ovanfor den kursen som vi veit er feil.  Men som har både mage og rygg til å innrøme at kursen er feil, og så setje ein betre kurs.  Eg kan forstå at våre lokalpolitikarar let seg lure ein gong.  Det kan skje med oss alle.  Men eg vert skuffa over dei som let seg lure to gonger.

Eg har heile tida vore motstandar av vindmøller på Stadlandet og hugsar godt kor skuffa eg vart når eg forstod at det var gjeve konsesjon til Okla prosjektet.  Eg skal innrøme at eg har sjølv tenkt at det var for seint å stogge det.  Men når det no reiser seg eit breidt folkeleg engasjement for å gjere eit forsøk på å stoppe ei slik industrialisering av urørd natur på Stadlandet, då veit i alle fall eg kvar min lojalitet ligg.  Som ordførarkandidat for Stad KrF, vil eg stå på naturen og folket si side, framom tidlegare dårlege vedtak og utanlandske næringsinteresser.  Vi låner naturen, vi eig den ikkje.  Naturen tilhøyrer ikkje sitjande kommunestyre, grunneigarar eller næringsinteresser.  Heller ikkje NVE.  Naturen tilhøyrer fellesskapet, og ikkje minst dei komande generasjonane.  Om det kjem vindturbinar på Okla, vil dei verte ståande som monument over dårleg politisk dømekraft for i alle fall neste generasjon.  Det er berre trist.  Kanskje er det rett som Stad Arbeiderparti og Stad Høgre skriv, at engasjementet kjem for seint. 

Det er slett ikkje sikkert det let seg gjere å stogge prosjektet, men vi kan ikkje late vere å prøve.

Det er sikkert monge innbyggjarar i kommunen som er meir eller mindre likegyldige til saka, og slik sett gjev eit taust samtykkje til utbyggjing av vindmøller på Okla.  Men eg vil oppmode både folk og politikarar om å gå på folkemøtet i Ytre Stad grendehus tysdag 6. august kl. 19.  Sjølv er eg desverre på arbeid i nordjøen, ellers hadde eg sjølvsagt vore der.  Der kan ein få utfyllande informasjon både om Okla prosjektet og prosessane fram til i dag.  Det er viktig at både politikarane og folket no engasjerer seg, og gjer seg opp ei meining, om det skal lukkast å stoppe prosjektet, og dermed bevare den fantastiske og unike naturen både vi som bur her, og besøkjande er så glad i.

Eg har eit håp om at eit fleirtal av lokalpolitikarane etterkvart kan stå samla i denne viktige saka.


Lesarinnlegg

Okla Vindpark








Aukande motstand mot vindkraft på Stadlandet

–Fullstendig øydeleggande