Lesarinnlegg

Okla Vindpark

Vi har stor respekt for aksjonsgruppa sitt engasjement, men meiner at det kjem altfor seint.

Geir Årvik er listetopp og ordførarkandidat for Stad Høgre.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

For ei  tid tilbake vart det starta ein Facebookaksjon med mål om å stoppe ei vedteken utbygging av 5 vindturbinar på Okla på Stadlandet. Aksjonen brukar sterke omgrep for å beskrive det dei meiner er rasering av eit landskap. Eg vil minne om at området det er snakk om er ein liten del av Stadhalvøya. Dei opphavlege planane for plassering av turbinane er i tillegg endra. Disse er no plasserte lenger vest og nordover, og ligg dermed i eit område som vel ikkje er det mest brukte tur- og rekreasjonsområdet.

Nokre fakta: Okla Vindpark har vore kjent i mange år.  NVE gav konsesjon til anlegget i 2013. Dette etter at kommunestyret i Selje hadde gitt si tilslutning. Vedtaket i Selje Kommunestyre vart for ordens skuld gjort i ei tidlegare periode enn inneverande. Konsesjonsvedtaket vart påklaga av Fylkesmannen, men Olje- og Energidepartementet fatta endeleg konsesjonsvedtak i juni 2015, altså for 4 år sidan. Dette vedtaket vart ikkje påklaga.

I 2018 starta så SFE ei massiv oppgradering av straumnettet frå Kjøde mot Stadlandet for å sikre at ein har kapasitet til å leie straumen til hovudnettet. Det er vanskeleg å tru at det er nokon på Stadlandet som ikkje har fått med seg dette. Det høyrer også med til historia at det vart invitert til folkemøte i Stadlandet Grendehus 08.03.2018. Heller ikkje då kom dei store protestane.

Aksjonsgruppa utfordrar no dei politiske partia til å komme på banen, og ber folk merke seg desse standpunkta. Ja, det håpar eg at folk gjer. Å prøve å stoppe dette prosjektet no gjennom nye vedtak i kommunestyret er det for det fyrste neppe heimel for.

For det andre vil det vere særdeles uprofesjonelt. Ein kommune, og dermed eit kommunestyre må vere føreseielege og ikkje snu kappa etter vinden (bokstaveleg talt). Å snu etter så mange år og så langt i prosessen er for Stad Høgre heilt uaktuelt. Skulle vi ha gjort noko lokalpolitisk måtte vi ha gjort det mykje tidlegare.

For det tredje ville det vere økonomisk uansvarleg å prøve å stoppe denne utbygginga med lokalpolitiske virkemiddel. Vi ser no på Frøya, der ein midlertidig byggjestans har ført til eit søksmål frå utbyggjar mot kommunen på kr 700.000. Stad Høgre er ikkje med på å risikere liknande tilfelle. Vi anar ikkje kva konsekvensar dette kan få reint økonomisk. Vi veit at store summar er investert i ny linje, der anleggsbidrag frå anlegget på Okla er medrekna.

Så  veljarar, merk dykk gjerne dei ulike partia sitt standpunkt i denne saka, og sjå kven som står fast på tidlegare lovlege fatta vedtak. Eg håpar imidlertid at de også les resten av valprogramma. Det er andre saker som er viktige for Stad kommune. Eg håpar at vindkraftsaka ikkje vert den viktigaste saka i valkampen då den uansett vert avgjort andre stader enn i lokalpolitikken. Det er ikkje opp til Selje kommune  å oppheve eit konsesjonsvedtak gitt av Olje og Energidepartementet.

Når det gjeld mellom anna oppvekst, eldreomsorg og utvikling av eit livskraftig og trygt samfunn, er derimot mykje opp til oss som går til valurnene og ikkje minst vi som står på val.

Vi har stor respekt for aksjonsgruppa sitt engasjement, men meiner at det kjem altfor seint.