Lesarinnlegg

Kampen mot vindmøllene

Illustrasjonsfoto 

Meiningar

Kvar i Stad kommune vil du gjerne ha fleire og større vindturbinar med dertil høyrande utbygging av anleggsvegar i elles urørt natur? Hugs at med vindturbinar fylgjer omfattande utbygging av vegnett dimensjonert for femti tonn og 75 meter lange doningar som skal frakte rotorblad og deler til vindturbinar opp i fjellet. Slike fjellvegar finst knapt i Stad kommune. I tillegg kjem plattformane som må byggast for kvar einskild turbin, kvar i storleik som ein halv fotballbane. Dette er moglege scenario, om vi ikkje er merksame. Røynsla frå andre stader i heile landet, frå Jæren til Finnskogen og opp langs heile kysten, er at lokalmiljø har fått nedbygd fjella sine med mykje meir omfattande konsekvensar enn kva dei såg føre seg. «Ka sku vi gjort uten havet? Skull’ vi ha bært båtan?» Kva skal vi gjere utan vindmøller?

Er det slik i dag at absolutt einaste tenkelege, realistiske, lønsame, bærekraftige alternativet til oljen er vindkraft for ein kvar pris? Er vindkraftindustri til lands faktisk vurdert som samfunnsøkonomisk lønsamt og miljømessig bærekraftig, eller er det berre økonomisk lønsamt for konserneigarane? Bygger vi ned fjellheimen vår og gir katten i fugl, miljø og natur for å tilfredsstille kommersielle multinasjonale interesser?

Får vi delta i drøftingane om moglege alternativ, eller er vedtaka alt gjort i lukka rom med sitjande regjering og inviterte konsernleiarar? Må alle omstillingstiltak etter oljen i Noreg vere storskalasatsingar? Stad SV meiner at vi ikkje treng vindturbinar. Vi treng ikkje medverke til å sende statlege stimulerings- og støttemidlar over i lommene på tyske, sveitsiske eller multinasjonale energiprofittørar. Vi kan gå føre og syne korleis energiøkonomisering kan verte lønsamt, kan vere natur- og miljøvenleg, og kan redusere fossile utslepp på lokalt plan. Vi kan ha sikte på å utvikle allsidige småskalabruk som kan verte føredøme for mange andre bygdekommunar. For å realisere dette treng vi eit innovativt næringsliv og eit politisk miljø som kan og vil fremje effektive utsleppsreduserande tiltak som samstundes ikkje er øydande for urørt natur.

Vi ser føre oss mange realistiske og bærekraftige alternative satsingar for energiutvinningar som ikkje øydelegg urørt natur, som kan nytte eksisterande infrastruktur, som kan byggast og haldast ved like av lokalt næringsliv, og med det skape varige lokale arbeidsplassar.

Stad SV sine krav til framtidsretta alternativ.

SV vil utvikle alternativ energiproduksjon etter følgjande kriterier:

• Fyrst og fremst skal energien som vert produsert vere miljømessig berekraftig og setje så lite klima- og miljøavtrykk som råd.

• Vi må erstatta andre tradisjonelle ureinande energiproduksjonmetodar.

• Alternativa vi vel må medverke til redusert bruk av fossil energi.

• Vi må renovere og effektivisere dei vasskraftanlegga som alt er i drift.

• Ein må redusere det samla nasjonale energiforbruket. Det er alt etablert fleire slike nasjonale tiltak, til dømes ved kravet om passive bygg.

Stad Kommune har rike ressursar for å verte føredøme i å lansere alternative lokale energiløysingar. Kort oppsummert kan ein byrje med å utgreie kva som på kort eller lengre sikt kan realiserast i stad Kommune. Her nokre døme. Det vil heilt sikkert dukke opp fleire viss ein set i gong slik utgreiing:

• Meir fjordvarme

• Solenergi på så mange offentlege bygg og industribygg og fjøs som råd

• Biogass av slam, fiske- og matindustriavfall, og gylle.

• Bølgekraft

• Renovere og effektivisere eksisterande vasskraftanlegg

• Redusere energiforbruket.


Eid kommune var tidleg ute med å syne korleis ein kan redusere energiforbruk, ikkje berre i einskilde bygg, men i større deler av bygda med å tilby fjordvarme til forbrukarar langs sentrale gater.

I Danmark etablerer ein solenergianlegg på tidlegare dyrka mark. I Stad kommune er det ledig omfattande takareal på industribygg, offentlege bygg og nye fellesfjøs som kan dekkast med solfangarar.

Noko ein enno ikkje har nytta i noko omfang er å utvinne biogass frå slam, møkk og anna bioavfall. Desse ressursane har vi tilgjengelege både i indre og i ytre Stad kommune. Kompetansemiljø i Sverige har utvikla småskalabiogassreaktorar som med fordel kan installerast fleire stader i Stad. Her kan ein ta ut metangass av gylle, fiskeavfall og slam frå reinseanlegg. I Måløy har Havkraft AS ved Geir Arne Solheim gjennom dei siste tjue år forska og utvikla bøljekraftanlegg som m.a. kan erstatte dieselaggregata som er vanlege for drift av foranlegg på oppdrettsanlegg. Stad kommune kan medverke til satsing på å nytte bøljekraft i slike installasjonar.