Håkon Sjåstad, Stad SV:

–Det handlar om trygge vegar

Eg trur ikkje eg har laga ei kunstig konflikt, eg trur eg og du i lag har laga det meir spennande for lesarane om korleis prioriteringslista til Venstre ser ut.

Håkon Sjåstad er listetopp og ordførarkandidat for Stad SV.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

På grunn av overskrifta i Fjordabladet kan det sjå ut som om SV ikkje bryr seg om brua over Anda-Lote. Dette er ikkje rett, det gjer vi. Vi fekk eit spørsmål om å prioritere sju samferdsleprosjekt. Dette gjaldt tre forskjellige prosjekt, fylkesvegane i kommunen, rassikring, bru over fjorden og breiband. Vi la til at vi meiner det viktigast samferdsletiltaket er trygge skulevegar. Det meiner vi kjem på topp.


 

Det er ikkje det at eg ikkje ser vitsen med brua, eg veit at ting blir enklare dersom det kjem ei bru. No etterpå ser eg at setninga «Bru over Lote-Anda er minst viktig for kommunen» kan bli tolka feil fordi vi ikkje la til «av dei sju samferdselssakene».


 

Eg var sjølvsagt klar over at du kom til å reagere på denne utsegna, og di utsegn «Stad kommune treng Nordfjordbrua!» er heller ikkje overraskande, du er tross alt styreleiar i Nordfjordbrua AS.

Men eg er svær overraska over at du meiner at dette innlegget skapar kunstige konfliktar i kommunen vår. Dette gjeld ikkje lokale vegar på Stadlandet. To av vegane er i Eid kommune, ein på Bryggja, to ligg i Selje kommune der den eine vegen er hovudvegen ut til Stadlandet. Og den har vi prioritert på topp, og vi har brei støtte for å få prioritert ei opprusting av denne vegen. Men for å unngå mistyding her og, den andre vegen vi sette på topp, vegen til Navelsaker, er viktigare men den er på ei anna liste. Det handlar om trygge vegar, og det er viktigare enn ei bru over fjorden, det er viktigare enn det meste.

Ja det er rett det du seier, Eid SV er einig med dei andre partia om at brua over fjorden er riktig og viktig. Og mykje av argumenta du brukar er vi einige i. Dette gjeld og Stad SV. Men den ferjefrie E39 er ei anna sak. 

Nei eg trur ikkje eg har laga ei kunstig konflikt, eg trur eg og du i lag har laga det meir spennande for lesarane om korleis prioriteringslista til Venstre ser ut.