Ei bru Lote-Anda er eit særs viktig prosjekt for å knyte Nordfjord saman til éin bu- og arbeidsmarknadsregion. Det vil korte ned reisetida mellom Nordfjordeid og Sandane til under 20 minutt reisetid, og gje folk også i dagens Selje kommune betydeleg kortare og ferjefri veg til flyplass og ein større bu- og arbeidsmarknad.
Håkon Sjåstad, Stad SV
– Bru over Lote-Anda er minst viktig for kommunen
Det mest oppsiktsvekkande med intervjuet med Stad SV sin nye toppkandidat frå Stadlandet, er at han set Nordfjordbrua Anda-Lote opp mot lokale fylkesvegar på Stadlandet. Dette er verkeleg å skape «kunstige konflikter» i vår nye kommune.
Anda-Lote er ei riksvegstrekning, der staten og trafikantane pr i dag betaler over 80 millionar kr pr år for dagens ferjetilbod. Heile idéen med bru Anda-Lote er å nytte desse pengane, som staten og trafikantane uansett bruker, til å finansiere ei bru som vil betale seg ned sjølv - og deretter spare både staten og trafikantane for utgifter. Undervegs vil brua gje auka næringsutvikling og folketalsvekst, som igjen er med å styrke økonomien til nye Stad kommune. Brua er også kort og teknologisk relativt enkel. Anda-Lote er den kortaste ferjestrekninga på heile det norske riksvegnettet.
Håkon Sjåstad, Stad SV:
–Det handlar om trygge vegar
Miljømessig er også dette eit fornuftig prosjekt: El-ferjene som går på Anda-Lote i dag vil kome til nytte andre stader på riksvegnettet der det ikkje er realistisk/ rekningssvarande å bygge bru. Samtidig vil framtidas vegtransport vere utsleppsfri når brua er på plass om nokre år.
Eit samla politisk miljø i Eid - inkludert Eid SV - har til no stått samla om at ei bru Anda-Lote er riktig og viktig. Det handlar rett og slett om å bruke pengar stat og trafikantar allereie brukar smartare enn i dag - ikkje om å bruke «friske pengar» til å byggje bru framfor gul stripe andre stader. Både gul stripe på heile E39 og betre fylkesvegar er sjølvsagt riktig og nødvendig.
I «gamle Eid» sto vi politikarane samla om dette. Diverre registrerer eg at Stad SV sin nye toppkandidat frå Stadlandet no «skyt ned» bru Anda-Lote med argument som ikkje held vatn, og som tyder på at han ikkje har sett seg skikkeleg inn i det som har vore folk og næringsliv i Eid si viktigaste kampsak i mange år.
Det er synd, men eg legg til grunn at alle andre parti som stiller til val i Stad stør opp om bru Anda-Lote. Venstre vil i alle fall vere ein garantist for det.