Dagens leiar

Gratulerer Malakoff

Ein alle tiders Malakoff er over i historia, tre dagar der heile Nordfjordeid står på hovudet. Innbyggjartalet blir tidobla i rockebygda, og artistar og publikum byr på seg sjølv til dei grader.

Vi kan gratulere med vel gjennomført festival.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Innbyggjartalet blir tidobla i rockebygda, og artistar og publikum byr på seg sjølv.

Meiningar

Malakoff 2019 vert av fleire karakterisert som den beste festivalen, og fleire artistar gir gode skussmål. Det er eit velrutinert korps som står bak rockefestivalen som denne gong vart arrangert for 17. gang. Her er det kvalitet i alle endar, ikkje minst i gjennomføringa.