Dagens leiar

Rockebygda står på hovudet

Malakoff Rockfestival er i gang, og med det tre dagar med høg stemning, glade folk og musikk som høyrest ut over heile Nordfjordeid.

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Sommar, festivaltid og cruiseskipsbesøk er med å sette liv i trauste nordfjordingar.

Meiningar

Heile bygda er snudd på hovudet når det er venta nesten 30.000 publikummarar. 5.000 av dei på Norges største festivalcamp.

Og mange butikkar har manna seg opp til storinnrykk. Mange heimar fyller opp huset med festivalgjestar, og frysarar og kjøleskap skal ikkje mangle noko.

I dagens avis kan du lese kor viktig Malakoff-veka er også for matvarebutikkane. Dei doblar omsetninga si frå ei vanleg veke, og karakteriserer det som julehandel i juli.

Festivalen har vorte viktig for mange, ikkje berre dei rockefrelste.

Dette er også festivalen med flest frivillige. 1.300 vakter er fylt opp av frivillige. Nokre tener viktige pengar til klubbkassa til idrettslaget sitt. Andre vil rett og slett ikkje gå glipp av stemninga og galskapen.

For kven skulle tru at det som for 16 år sidan begynte som ein litt sprø ide frå tre ungdommar skulle resultere i eit stort maskineri som tiltrekkjer seg 30.000 publikummarar over tre dagar, og alt det inneber for lokalsamfunnet.

Og vi innrømmer det gjerne. Det er ei spesiell stemning på Nordfjordeid desse dagane. Denne veka har vi også hatt to cruiseskip på besøk. Vesle Nordfjordeid vert kalla «the little village», og mange cruiseturistar ruslar rundt i sentrum, handlar og ser på kuriositetane vi har. Måndag gjekk også tellemaskina «heilt av hengslane» på Amfi Nordfjord. Då var 8.000 innom kjøpesenteret. Det er ingen tvil om at sommar, festivaltid og cruiseskipsbesøk er med å sette liv i trauste nordfjordingar.