Dagens leiar

Nok ein matsuksess

I helga kokte det av liv og røre i Eidsgata. Eit vakkert syn, akkurat slik vi likar det. Her møttest folk frå både Selje, Måløy, Sandane, Ørsta, og ikkje minst eidarane sjølv.

Folk stimla saman i Eidsgata for å smake gatemat frå alle verdshjørner, og gatematfestivalen kan kallast for nok ein suksess.  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Samarbeid er nøkkelen til suksess – enten det er innan matfaget, reiseliv eller anna.

Meiningar

Den tredje gatematfestivalen på Nordfjordeid kan kallast nok ein suksess. Det er tydeleg at dette fell i smak for folk frå eit stort omland. Her fekk ein smake gatemat frå alle verdshjørne. Noko sterkt krydra, anna med staute norske smakar på ein ny måte. I år var det endå fleire kokkar og smakar. Eid gatematfestival har treft ein nerve. Dette er no vi vil ha meir av.

Det er også ei glede å sjå at ein klarer å samle lokale kokkar frå heile Nordfjord. Vi har tru på at samarbeid er nøkkelen til suksess – enten det er innan matfaget, reiseliv eller anna.

Vi kan ikkje sitte på kvar vår tue og drive med vårt.

Denne helga var det også mykje anna som skjedde i Nordfjord. Folk hadde nok av arrangement dei kunne hive seg med på – enten det var Rockeweekend i Bremanger eller Måløydagane.

I Hennebygda hadde dei sin tradisjonelle sommarmarknad. Alt som kan krype og gå møter opp her, og har du ei tilknyting til bygda så passar du på å kome heim til akkurat denne helga. For då er det i henjane det skjer.

Slike samlingar er gull verdt – både for det sosiale i bygda og for den felles tilhøyrigheita og stoltheita ein har til bygda si.

Gatematfestivalen skapar ikkje berre liv og røre på Nordfjordeid. Den stimulerer til handel, skapar matglede og forståing for god mat og drikke.

Mange vel å kome heim for å oppleve helga med gatemat, som ei opplading til Malakoff Rockfestival som startar torsdag.

I helga var den store riggehelga på festivalområdet, og på Nordfjordeid er det allereie mange som har kome heim for å oppleve gatemat og festival.