Dagens leiar

Mobbing av partikameratar

Fredag kunne du lese i Fjordabladet at det er indre strid i Selje Frp.

Marita Aarvik føler ho gjennom fleire år har blitt trakassert som kvinneleg politikar i lokallaget Selje.   Foto: Bibben/Pressefoto

Den aktuelle saka med intern maktkamp i Selje Frp talar ikkje til fordel for Frp.

Meiningar

Den erfarne kommune- og fylkestingspolitikaren Marita Aarvik føler ho gjennom fleire år har blitt trakassert som kvinneleg politikar i lokallaget Selje. Ho har ved mange høve klaga inn sakene til partiet sentralt fordi ho kjenner seg trakassert etter maktkamp og indre strid i Selje Frp.

Vestland Frp valde å ekskludere eit medlem, og gav åtvaring til ein annan. No har Sentralstyret snudd saka. Det ekskluderte medlemmet er teken inn i varmen igjen, om det er på grunn av det kommande valet veit ikkje vi, men Aarvik vel i alle fall å melde seg ut av partiet.

Ein kan sjølvsagt undre seg om det er rom for kvinner i Frp. På kommunevallista til nye Stad Frp er berre tre av 16 kvinner. Lokallagsleiar Per Tore Borgund meiner det er rom for kvinner, men at det ikkje er legitimt å vere Frp-politikar i ulike yrkesgrupper. Han viser til at dei kvinnene som ville stille på kommunevallista til Stad Frp har dei prøvd å få høgt opp på lista.

Alle politiske parti har underskrive på ei ordførarerklæring på landsplan, der alle parti i Stad har slutta seg til. Ein ønskjer ikkje nettroll, og ein skal ikkje ha ein uanstendig valkamp. Dette går vel også på korleis ein er overfor kvarandre. I dagens avis meiner Lars Svein Drabløs, nestleiar i Vestland Frp, at lokallaget må ta tak i ukulturen, og at ein ikkje kan ha det slik det har vore.

Folk melder seg gjerne inn i eit parti for å vere med å forandre på noko. Om du skal frysast ut av eit parti fordi du er kvinne eller meiner noko anna enn andre, då er det dårleg partikultur. Ein skal ha rom for ulike meiningar i eit parti. Den aktuelle saka med intern maktkamp i Selje Frp talar ikkje til fordel for Frp.