Svar til Ståle Sandal

Å bli skulda for hersketeknikk av Ståle Sandal vart ei retning på debatten som for meg var svært overraskande, men i tilfelle dette vart oppfatta slik vil eg beklage.

-Eg har ingen problem med å beklage uttalen i OK-møte, som var oppheita, og då kan ting bli sagt litt flåsete, seier Hans Petter Gilleshammer (Ap).  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Vart også svært overraska når ordførar Alfred Bjørlo i tillegg på Facebook startar eit innlegg med hersketeknikk og bruk av ord på meg som er ein ordfører lite verdig. Sist veke var nye og gamle politikarar i Stad kommune samla på Magnifikk og fekk gjennomgang av KS sitt Valløftet 2019. Eg håpar vi kan prøve å etterleve bodskapen til KS om å seie nei til hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep.

Eg har ingen problem med å beklage uttalen i OK-møte, som var oppheta, og då kan ting bli sagt litt flåsete.  All heider og skryt til ungdomsrådet som er engasjerte, men det må vêre lov å vêre ueinig i ei sak. I denne saka valde eg å høyre meir på elevrådet ved Nordfjordeid skule/FAU/SMU, enn ungdomsrådet, og det meiner eg at eg har god grunn til. Kven kjenner betre området til Nordfjordeid skule enn dei som er aller nærast?

Nordfjordeid skule har eit behov for oppgradering av hjarte i skuleområdet. Eit stort tuntre er fjerna, og der er i dag planert og gruslagt. I saksutgreiinga var eit leikeapparat ynskja av skuleleiinga ved Nordfjordeid skule, av omsyn til garanti på apparatet, skulle dette monterast av fagfolk frå leverandør, og kunne ikkje gjerast på dugnad.

For meg har saka hasta; eg hadde eit håp om at uteområde til hjarte av skulen skulle stå klart til skulestart hausten 2019. Her er det for meg elevane og dei tilsette ved Nordfjordeid skule som er viktigast. Å gjere skulen attraktiv, og gi elevane gode oppvekstvilkår.

Vi fekk i formannskapsmøte sist torsdag orientering om mange saker med store økonomiske utfordringar for Eid kommune med ombygging Eid eldretun og Prosjekt Myroldhaug, som vart utsatt og anbod avlyst av økonomiske omsyn. Når vi i siste sak skulle løyve  kr. 250 000 til innkjøp av 10 El syklar, då sat pengane laust i Venstre-gruppa.

Arbeiderpartiet  vil prioritere at våre barn og tilsette ved Nordfjordeid skule har gode arbeidsforhold framover og vil framleis kjempe for at uteområdet blir opprusta.