Kommentar til Hans Petter Gilleshammer

Eg ynskjer kome med ein kommentar til utspelet til Hans Petter Gilleshammer i Oppvekst og Kultur sitt møte som vart referert i Fjordabladet 14.juni.

Stian Sandal (Sp) er politisk medlem i Eid Ungdomsråd.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Han kjem med føljande utspel: «Han antyda at ein må høyre meir på FAU, foreldre og elevar som ber om eit multileikeapperat – enn eit ungdomsråd som er lett påverka av kva administrasjonen i kommunen seier»

Eg finn dette utspelet provoserande som politisk representant i ungdomsrådet i Eid. Eg opplever ungdomen i rådet som engasjerte, som har gode diskusjonar og som i fleire saker har kome med gode innspel som har vore med vidare i den politiske prosessen. Medlemmane er villege til å vere med på kurs, samlingar og arrangement i regi av kommunen (t.d. møte med kommunalminister og sykkelprosjekt). Vi må sjå langt tilbake for å finne sist vi ikkje kunne sende ein av våre medlemmar på noko. Dette er signal på at vi har ungdom som ynskjer lære og utvikle seg i rollene dei har påteke seg for å tale unge si sak.

Eg finn det då skuffande at representanten frå Ap vel å uttale seg om rådet som nikkedukkeråd for rådmannen. Eg har frå talarstolen i kommunestyret fleire gonger berømma rådmannen sitt arbeid opp mot ungdomsrådet, der eg har påpeika at dei føler seg verdsette og får god info til å behandle sakene frå rådmannen sin representant. At Ap sin mann, som er så ivrige på å auke antalet kvinner i politikken, vel å omtale ungdomen sitt politiske råd på denne måten skuffar meg. Det er like viktig å rekruttere ungdom til å engasjere seg politisk og ungdomsrådet er ein flott lærearena. Eg har berre positive ord om ungdomen, og diskusjonar der har ofte vore med meg vidare inn i mitt arbeid i den politiske kvardagen.

I denne aktuelle saka skjønar eg at Gilleshammer sin lovnad om å få fortgang i multileikeapperat er noko som gjer han særs ivrig på å få dette gjennom, og det respekterar eg. Leikeapperat er noko ein absolutt treng, men det ungdomsrådet påpeika var at dei ville sjå det likt med andre prosjekt som kan samanliknast. Dei ville at foreldre skulle engasjere seg meir i sentrum og, ikkje berre på grendaskulane. Så difor fall dei ned på vedtaket dei gjorde, og då forventar eg meir respekt frå dei folkevalde.