Dagens leiar:

Honnør til naudetatane

Vi som står på turt land skal vere sjeleglade for at desse folka finst. Dei som kvar dag gjer alt dei kan for at vi skal føle oss trygge.

  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Å kunne føle seg trygg er ein menneskerett. Det å kunne føle seg trygg på at hjelpa kjem fram om du skulle ha behov for hjelp er også ein rett vi har i det norske samfunnet. Rett eller feil, så får naudetatane av og til kritikk for at dei kjem for seint, eller ikkje kjem i det heile tatt. Onsdag fekk lokalsamfunnet vårt eit døme på kor effektivt hjelpeapparatet kan vere, og kor store ressursar storsamfunnet set inn når rask og resolutt handling er det aller viktigaste.