Vestland KrF løfter fram sjømatnæringa!

Visste du at samla eksport frå sjømatnæringa var på over 90 milliard kroner i 2018 og at næringa sysselsett 58 000 årsverk?

Stein Robert Osdal er 5. kandidat til Vestland Krf.   Foto: Tormod Flatebø

Eg er i dag ordførar i Selje for Krf. Har bak meg ei periode som vanleg medlem (2011-2015) og ordførar i denne perioden (2015-2019)

Stein Robert Osdal
Meiningar

Vestlandet har alltid vendt blikket mot havet, og sjømatnæringa er fram mot 2050 den viktigaste vekstnæringa både regionalt og nasjonalt. Fiskeri og havbruk gjev oss mange positive ringverknadar, og for kvart årsverk som jobbar direkte i denne næringa får vi ut eitt årsverk i næringane rundt. Vidare vekst i næringa vil vere med å sikre og utvikle kystsamfunna i heile Vestland.

Vestland Krf ynskjer å styrke Vestland sin posisjon som sjømatfylke. Vi vil kjempe for at sjømatnæringa får gode rammevilkår for vidare utvikling, og at vi tar vare på den differensierte fiskeflåta av små og store fartøy.  Vi har eit fortrinn der vi kan hauste av naturen sitt overskot, og gje verden den beste sjømaten.

På same tid som vi ønskjer vidare vekst i sjømatnæringa, må denne veksten vere berekraftig.  Vi heier på oppdrettsnæringa som bruker store ressursar på nye og forbetra løysingar for å redusere fotavtrykket. Vi heier på fiskenæringa si jakt etter nye, innovative løysingar, og etter betre og meir berekraftige løysingar for fangst og bearbeiding. Vestland Krf sitt forvaltarperspektiv er at vi forpliktar oss til å bruke naturen, miljøet og ressursane på ein berekraftig måte. Vi «eig» ikkje Vestland, men låner det frå framtidige generasjonar.

Sjømatnæringa er vår nye olje, og det er dette Noreg skal leve av i framtida innanfor eit berekraftig regime.