Dagens leiar

Ut i det fri

Søndag vart den nye dagsturhytta «Sjøglytt» på Risnakken ovanfor Selje sentrum offisielt opna, og her vanka det både korsong, snorklipping og rebusløp.

Søndag var første bygdevandring i regi av Stad 2020.  Foto: Solfrid Vereide

Tar vi på oss turistsolbrillene vil vi sjå at vi har mange perler som er verdt eit besøk.

Meiningar

Dermed har også Selje fått ein av fleire dagsturhytter i distriktet vårt. Rundt i heile Sogn og Fjordane kan ein no finne 19 dagsturhytter.

Bak dagsturhyttene ligg det mykje dugnad, og er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass til å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har også eit nynorsk turbibliotek.

Dagsturhyttene er fine bidrag til å trigge interessa over å vere ute i det fri.

Berre vi ser ut vindauget vårt ligg det mange perler som kan opplevast. Ein treng ikkje å ta dei vanskelegaste toppturane.

For cruiseturistane som kjem i land på seawalken på Nordfjordeid er ein tur til Ossetra eit av alternativa dei kan gi seg i kast med.

Og nettopp panoramaen vi har rundt oss her i Nordfjord tek pusten frå turistar. Vi sjølve er vande med synet, og ser oss kanskje blinde på det vi har. Tar vi derimot på oss «turistsolbrillene» vil også vi oppleve at det ikkje er så verst rundt oss, og at vi har mange perler som er verdt eit besøk.

Søndag var også første bygdevandring i regi av Stad 2020. Denne gongen var det Bryggja ein kunne blir betre kjend med, og godt over hundre personar møtte opp – dei fleste i godt vaksen alder. Dette er eit fint tiltak i samband med at vi no skal bli ei felles kommune. Vi kan godt bli betre kjende med dei ulike krikar og krokar i den nye storkommunen.

Men for å tiltrekkje seg fleire yngre innbyggjarane bør ein kanskje ikkje berre fortelje om historia til ein stad – om det som har vore. Vi må også tenkje framover – om det som er i dag. Neste gong er det bygdevandring i Ervik. Kanskje det kan bli surfing i bølgjene for fleire?