Dagens leiar

Ungdom og framtida

I desse dagar er det konfirmasjonstid for mange unge, og dei har sjølve tatt eit standpunkt om dei vil konfirmere seg i kyrkja.

I Stårheim kyrkje sist laurdag var det ei fullsett kyrkje på konfirmasjonsdagen. Presten var klar i si tale til ungdommen: Det er lov å dumme seg ut. Lev eit ærleg liv!  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Mange er livredde for nettopp å dumme seg ut.

Meiningar

Nokon vel tradisjonelt, slik som foreldre og besteforeldre har gjort før ein, og mange er bevisste på kva måte ein ønskjer å konfirmere seg.

Uansett – dette er dagen då det er ungdommen som står i sentrum. Der familie og vener møtast for å feire og heidre ungdommen.

I Stårheim kyrkje sist laurdag var det ei fullsett kyrkje på konfirmasjonsdagen. I presten si tale til ungdommen vart det snakka om det ellevte bodet – Ikkje dum deg ut!

Mange unge lever det dei opplever som eit tøft liv – med press frå alle kantar. Dei skal sjå bra ut, ha fin kropp, fine kle, få beste karakterane, ha mange vennar og vere god i idrett.

Mange er livredde for nettopp å dumme seg ut – vere annleis og skilje seg ut frå gjengen.

Prest Gundersen byr verkeleg på seg sjølv når han talar til ungdommen, og mange som kanskje ikkje er av dei ivrigaste kyrkjegjengarane fekk seg ei annleis gudsteneste med ein prest som både prøvde å dumme seg ut, og fortalde vitsar så kyrkjelyden til tider gapskratta. Det er vel heller ikkje kvardagskost at ein prest får jubel og stor applaus etter ei preike, slik presten fekk denne dagen.

Men presten var klar til ungdommen: Det er lov å dumme seg ut. Lev eit ærleg liv!

Det er eit viktig bodskap til ungdommen! Og sjølv om det til tider er vanskeleg å huske på for dei unge medan dei strevar med sitt, er dette nettopp eit bodskap som er viktig å minne ungdommane på. Ingen er perfekt, heller ikkje foreldre eller besteforeldre. Og om ein tar vekk noko av presset som tynger på skuldrene til dei unge, så vil det gjere dei godt. Ingen er tent med dei skyhøge forventingane som unge har til seg sjølv i dag. Det gjer det endå lettare å bli psykisk sjuk.