Dagens leiar

Hurra for 17. mai!

Feiringa av nasjonaldagen står for tur – i raudt, kvitt og blått.

Fredag er det klart for 17. mai, og i år er det ny togrute for barnetoget på Nordfjordeid.   Foto: Tormod Flatebø (Arkiv)

No gjer ein seg erfaringar i år, og ting kan endrast tilbake neste år.

Meiningar

Norge fekk eiga grunnlov 17. mai 1814, etter at den blei vedtatt av Riksforsamlinga i Eidsvoll dagen før. Den 17. mai blei grunnlova datert og underteikna av presidentskapen. Same dag vart prins Christian Frederik valt til norsk konge. Difor har 17. mai vorte ein offentleg høgtidsdag og ein offisiell flaggdag. Etter kvart blei nasjonaldagen meir og meir viktig for innbyggjarane i landet.

Fredag vil det norske flagget vaie over heile landet. Flagget i raudt, kvitt og blått er det sterkaste symbolet vi har på nasjonalkjensla. Fargane symboliserer fridomen, fordi frie land som USA og Frankrike hadde desse fargane i sine flagg.

I år er det ny togrute for barnetoget på Nordfjordeid. Leiar for årets 17.-mai-komite, Are Fagerli, rekna med reaksjonar. Det vert ei kortare togrute – av fleire årsaker – og for første gong vert det utan stopp ved Nordfjord sjukehus.

Og reaksjonane har heller ikkje latt vente på seg. Nokon jublar. Korpsa takkar for lettare togrute, og større sjanse til å spele i staden for å gå i motbakke utan å ha pust til å spele.

Andre er frykteleg skuffa og likar dårleg at sjukehuset er utradert frå togruta. Nokon meiner at ein er historielause når barnetoget no for første gong ikkje skal innom sjukehus for ein stopp og appell. Det er også sjuke folk ved sjukehuset som ikkje kjem seg nokon plass denne dagen. Andre viser til at det ikkje er mange pasientar igjen på sjukehuset på ein 17. mai – i motsetning til før. Ved Hogatunet er der derimot mange eldre som har glede av at toget stoppar opp.

17. mai-komiteen har fått mange innspel, og det er gjerne like mange meiningar som det er personar. Kanskje er det ein dårleg ide å ta vekk sjukehuset frå togruta. No gjer ein seg erfaringar i år, og ting kan endrast tilbake neste år om ein ser at dette var riv ruskande gale.

Gratulerer med dagen!