Ved fjordkanten ligg det særprega og sirkelrunde vikingsenteret med sin spesielle arkitektur. Eit kunnskapssenter om vikingtida som tek mål av seg å vere i nasjonal toppklasse.
I Sagastad vert ein tatt 1.150 år tilbake i tid – slik at du gjennom moderne teknologi kan bli kjend med den rike lokalhistoria frå nettopp vikingtida. For det er nettopp funn frå vikingtida frå Eid og Gloppen som utmerker seg i Nordfjord.
Midt i Sagastad står sjølve smykket – hovudattraksjonen Myklebustskipet som dei erfarne båtbyggjarane frå Bjørkedalen har brukt tre år på å byggje. Eit imponerande stort byggverk på 30 meter.
Sjølve Sagastad-bygget er både eit naust, og ei visuell gjenskaping av gravhaugen skipet vart funne i. Sagastad er ei storsatsing retta både mot lokale innbyggjarar og tilreisande. Ein ønskjer å fenge interessa både hos barn og unge som er glade i speling, og vaksne som har interesse for vikingtida.
Vikinghistoria og Sagastad er ein del av identiteten til Nordfjord – eit Nordfjord som er rikt på arkeologiske funn som kan fortelje oss ei spennande historie. Funna på Myklebust frå yngre jernalder står sentralt i denne samanhengen, og Sagastad vil gi oss kunnskap om korleis vikingane i Nordfjord levde, deira økonomi, næringsliv og om makt.
Her har ein bygd eit hus for å lage historisk utstilling, og vi skulle ønskje at funna frå Eid som ligg gøymt i kjellaren på Bergen Museum, vert flytta heim og til Sagastad.
For ti år sidan opna vi Operahuset Nordfjord. No er det Sagastad og cruise, og det er tid for å sette oss nye hårete mål om ti år- med opning av Nordfjordbrua.
Vi gratulerer Sagastad og ønskjer lykke til!