Tale frå 8. mai:

Vårt forsvar er eit bedrag

Her er tala som Frode Fagerli, leiar/NROF Firda, heldt under markeringa 8. mai.

Frode Fagerli, leiar/NROF Firda, heldt tale 8. mai.   Foto: Olin Maria Yri

Meiningar

Kjære alle saman

I dag er vi samla her på Plassen for å feire 8. mai – frigjeringsdagen etter 5 år med okkupasjon 1940 – 1945.

I dag feirar vi fridomen og sjølvstendet vårt. Og vi takkar alle som tok del i kampen mot diktatur og for demokrati og fridom. Innsatsen deira minner oss om at fridomen ikkje kjem av seg sjølv og ikkje er gratis.

I dag ser vi bakover i tida – til 8. mai i 1945 -  då flagga gjekk til topps og 2. verdskrigen var slutt. Men det varte ikkje lenge før verda på nytt blei utrygg. Då kom den kalde krigen.

I 1949 var Norge med på å opprette NATO som svar på den aukande trusselen frå kommunistregimet i aust. For snart 20 år sidan ramla Austblokka saman. Vi i Vesten trudde at no var trusselen frå aust borte. Vi rusta ned og senka guarden på alle vis.

Nordahl Grieg seier i det kjente diktet sitt «17. mai 1940»: «….. Vi fulgte ikke med tiden, vi bygde på fred som i tross……», mynta på nedrustinga vår i åra før krigen.

Kanskje er desse orda aktuelle i dag også. Russland er i ferd med å byggje seg opp igjen militært og har synt vilje til å bruke militærmakta si mot nabolandet Ukraina. Mykje tydar på at trusselen frå aust berre veks.

Krigen kom til Norge i 1940 fordi vi av fleire årsaker var attraktiv for Tyskland. Og tyskarane visste at vi hadde lite å stille opp med for å hindre dei i å kome.

Den lange kysten og plasseringa vår på jordkula, gjer oss ikkje mindre  attraktive for russarane i dag.

Difor bør 8. mai også vere ein dag då vi ser framover.

6. mars 1939 skreiv den kjende flyoffiseren Ole Reistad ein artikkel i Aftenposten med tittelen «Vårt flyvevåben er en illusjon» som vakte stort rabalder. Å sende norske ungdommar ut i kamp, dårleg trena og utstyrt, var jamgodt med sjølvmord, skreiv han, og understreka at dette var styresmaktene sitt ansvar.

Det som skjedde vel eit år seinare, viste at han langt på veg fekk rett.

I dag er situasjonen mykje lik den Ole Reistad skildra i artikkelen sin.

Poenget med eit militært forsvar er å unngå at det blir brukt. Men det krev at beredskapen er på plass, og at forsvaret er så truverdig og kraftfullt at ein eventuell fiende ikkje vil gå til angrep.      

Riksrevisjonen har stadfesta at beredskapen vår ikkje er tilfredsstillande. Det er urovekkande, særleg sidan vi i dagens samfunn har gjort oss heilt avhengig av datateknologi og veit at aktuelle land har stor kapasitet på å gjere skade her.

Vi har framleis verneplikt i Norge. Men berre om lag 7.000 kallast årleg  inn til militærteneste. Når tenestetida er avslutta, er dei ute av systemet. Mobiliseringsforsvaret vi hadde før, er borte. Igjen står berre eit redusert  Heimevern. Sjøheimevernet er avvikla og i praksis også totalforsvaret.

I staden for soldatar, prioriterer vi dyrt og høgteknologisk forsvarsmateriell. Men erfaringane frå all krig, også dei høgteknologiske krigane vi har hatt dei siste åra, viser at det er krigarane på bakken som avgjer det heile.

Kvantitet er i seg sjølv ein kvalitet i denne samanhengen.

Vi har basert forsvaret vårt på hjelp frå NATO. Flystøtte reknar vi med å få etter nokre dagar, bakkestøtta vil kome mykje seinare. Inntil då må vi  halde kampen gåande med eigne krefter.

Men det er meir å undrast over. I HV 10 si tid kosta Firda Kaserne 350.000 kr å drifte i året. No må HV 11 ut med 1,5 mill. i husleige til Forsvarsbygg som «eig» huset. Det er vanskeleg å forstå at det har blitt så mykje dyrare å drifte Firda Kaserne i dag med langt mindre bruk, enn det var for 15 år sidan.

Kva for økonomisk tenking ligg bak her? Kvar blir det av den ekstra millionen? Brukast pengane til å auke forsvarsevna, eller til administrasjon av eit ekstra byråkrati?

Ansvaret for alt dette ligg hos politikarane våre, i regjeringa og på Stortinget på same måten som det gjorde i Ole Reistad si tid. 

Eg vil difor henge meg på det han skreiv i 1939 og hevde at:

«Vårt forsvar er eit bedrag»

Men heldigvis kan vi no skimte lys i tunellen. Forsvarssjefen og fleire toppfolk frå Forsvaret har den siste tida gått ut offentleg, som Ole Reistad gjorde for 80 år sidan, og definert dagens forsvar som mindre enn eit minimumsforsvar.

Det er positivt og gir håp for framtida at det frå militærfagleg hald blir sagt at dei tar ansvar – det fortener dei ros for. Ære kan dei få når vi ser  korleis dette blir følgd opp i praksis.

Alle håpar vi på å unngå ein ny krig. Vi ønskjer ikkje andre frigjeringsdagar enn dagen vi feirar i dag, 8. mai.

Difor vil eg avslutte med ein appell. Appell i denne samanhengen betyr ei sterk oppmoding om å få noko til å skje:

Til hausten er det det val. Rett nok er det «berre» kommune- og fylkestingsval. Men valet er likevel viktig for topp-politikarane frå alle parti. Difor kjem dei rundt, på stands og på møte, for å snakke med oss veljarane for å få oss til å røyste på partiet sitt.

Spør dei då om kva dei meiner om truslane mot Norge i dag, om terror- og krigsfare, om vi har ein beredskap og eit forsvar som er truverdig nok til at vi kan kjenne oss trygge når forsvarssjefen sjølv omtalar Forsvaret som mindre enn eit minimumsforsvar. Spør om dei meiner vi brukar nok pengar på Forsvaret.

Hugs at fridom og sjølvstende ikkje er gratis.

Lukke til og godt val!

Til slutt vil eg takke alle som har møtt opp på Plassen i dag, og særleg takk til alle som har jobba og lagt til rette for dette flotte og tradisjonsrike arrangementet vi har her på Eid.