Lesarinnlegg

Hallo eidarar!

Meiningar

No er eg alvorleg bekymra for dykk!

Straks kjem det første cruiseskipet siglande inn fjorden og legg til kai, - veldig spennande, og eit tidarskifte for bygda.

Så fekk eg høyre i går at det finns folk som går og ynskjer at alt vert mislykka og går gale!!

Eg har ikkje vore så begeistra for tanken på desse skipa eg heller, men no når det er eit faktum, gleder eg meg. Eg gleder meg mest til at det skal bli liv i den flotte Eidsgata. Eg trur gata vert ein suksess. Men det er først og fremst handelsstanden å takke. Dei er dyktige og vennlege, og ikkje minst, dei samarbeider godt, noko som vert sers viktig i tida framover.

Men det aller viktigaste er at vanlege folk, både dei som bur i gata og alle vi andre, viser at vi er vennlege og hjelpsame, og at dei er velkomne hit. Norge har diverre fått eit dårleg rykte slik. Oslo er kjent som den mest uhøflege hovudstaden i Norden, og dei som vil vere mest urbane, apar sjølvsagt etter Oslo!

Så det er slett ikkje sikkert at så mange går i land.

Skjerp dykk! Det er ikkje den flotte båten som kjem opp gata.

Det er folk.


Es! Eit tips til suvenirar: Eg sit her og ser på to fine kjøkkenhanddukar, tea tovels. Den eine frå Irland, den andre frå Australia. Eg har ikkje vore der, men fått dei i gåve. Den irske er av rein lin, den andre rein bomull. Det er viktig med ekte varer, og alle som har vore på tur, vil gjerne ha med skikkelege ting som tek liten plass, og som minner dei på kvar dei har vore. I’ve been there! Dette er det nok alt tenkt på sjølvsagt, og eg gleder meg til god marknadsføring av Myklebustskipet, fjordhesten og den flotte naturen. Og så er det viktig at evt. tekst, vert norsk. Engelsk kan dei før.

Ds.