Tale frå 8. mai:

-Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, si tale ved markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Røde Kors-dagen 8. mai 2019

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, heldt tale på vegne av kommunane i Nordfjord.   Foto: Olin Maria Yri

Meiningar

Velkomne til markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen på "Plassen" på Nordfjordeid 8. mai 2019.

Fred og fridom kjem ikkje av seg sjølv. Fred og fridom må kjempast for, forsvarast og vinnast. Igjen og igjen. Og det er aldri berre "nokon andre" sitt ansvar. Det er også vårt.

I dag heidrar vi dei som har gjort nettopp det: Forsvart fridomen - kjempa for freden. Også når det såg som mørkast ut.

Historia til minnesmerket vi no står ved, seier mykje om det. Sommaren 1941 - medan andre verdskrigen raste på sitt verste, medan Konge og Storting var i eksil, medan det meste av Europa var okkupert av nazistane - då samla styret i ungdomslaget i Nordfjord, Firda Ungdomslag, seg. Dei gjorde sommaren 1941 følgjande vedtak: "Firda ungdomslag tek opp arbeidet for å reisa minnesmerke for alle dei nordfjordingar som fall i krigen. Det er meininga å få dette minnesmerket reist når krigen er slutt."

Altså: Ikkje "om krigen tek slutt", men "når krigen er slutt". Og sjølvsagt underforstått: Når vi har vunne siger - og tatt landet vårt tilbake.

Fire år seinare - 8. mai 1945 - kom dagen. Okkupasjonen tok slutt. Mellom alt som då måtte gjerast for å bygge landet og samfunnet opp att, tok Firda Ungdomslag opp att arbeidet med å reise minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i krigen.

Dei samla inn pengar mellom fattig og rik, frå storhav til bre, med formannen i laget, Einar Skarstein frå Olden, som drivande kraft. Og dei engasjerte ein av dei fremste skulptørane i Noreg, Dyre Vaa.

Søndag 30. juli 1950 var den store dagen komen. Over 2.500 menneske frå heile Nordfjord var då samla her på Plassen for å avduke monumentet vi no står attmed - i dag kalla "Sørgende Mor".

Og vi skal merke oss det dei sa ved avdukinga: Monumentet bak oss skal ikkje berre vere eit minne om fortida, men like mykje ein "..appell til komande slekter". Ei påminning om "..å halde plikt- og offerbodet lysande for auga", og om "..i dagleg livsføring ikkje setje fridomen i spel på ny". Om å vere budde til å stille opp på nytt dersom det skulle røyne på.

Slike dagar kan kome enno. Vi må vere budd på at dei kan kome.

Difor må vi ha eit sterkt forsvar. Vi må halde oppe forsvarsviljen. Vi må sørge for at forsvaret er folkeleg forankra over heile landet - slik vi her i Nordfjord har hatt tradisjon for i snart 400 år. Ein forsvarstradisjon som i siste liten vart sikra vidare liv for eit par år sidan - då Firda Kaserne vart redda frå nedlegging, og HV-11 fekk leve vidare. Det skal vi vere uendeleg glade for.

Dagen då dette  minnesmerket vart avduka, var ein festdag. Ein jubeldag. Det var også sjølve Frigjeringsdagen, 8. mai 1945.

Men ikkje alle dagar er festdagar. Heller ikkje når ein krig er vunnen. Eg har lyst å lese for dykk ei lita historie som ein av våre store kultur-personlegheitar i Sogn og Fjordane, Fridtjof Urdal frå Jølster, har skrive om det å kome heim frå krig.

Om ein ung gut som reiste til sjøs, sytten år gammal i 1938, og kom heim att sommaren 1945 - til familien som ikkje hadde sett guten sin på sju år, som ikkje ante om han var levande eller daud."

"Eg mønstra av i Newcastle. Hadde skrive heim, men brevet kom etter meg. Ringde frå Bergen, men telefonen var i ustand. Reiste heim med fylkesbåten. Der var ingen av mitt folk på kaia då eg kom. Tok sekken på ryggen og gjekk heim. Då eg kom inn i bislaget kom ho mor ut i døra."- Å er det du som kjem, eg tykte eg kjende deg på fota laget. Du får komme inn å få deg non".

Med kjøkenbordet sat far min og dei to brørne mine. Dei tok i mot meg som om eg hadde vore borte eit snarærend. Då vi hadde ete sa han far:" Vi er ein mann for lite med notbrukjet, eg tenkje du lyte vere med".

Slik vart det. Eg tok or sekken nokre arbeidsklede så gjekk vi i gavlen. Eg gjekk frå det éine livet til det andre over dørgotta heime."

Denne siste setninga har brent seg fast med meg: "Eg gjekk frå det éine livet til det andre over dørgotta heime."

Det er godt sagt - og eg trur det er ei ganske god skildring av korleis det er å kome heim frå ein krig. Anten vi snakkar om dei som opplevde redslane under andre verdskrigen, eller dei titusenvis av veteranar som har vore ute i internasjonal teneste for det norske flagget frå 1945 til i dag.

Det å vere ute i krig, og det å vere heime og leve eit kvardagsliv - det er to ulike liv. Og det er ikkje lett å snakke om det fyrste livet blant alle oss som lever trygt i det andre livet - kvardagslivet. Du er åleine med opplevingane dine, åleine med minna - i kvardagslivet heime.

Difor er slike markeringar som vi har her i dag viktige. Vi treng å bli mint på kva for ein innsats veteranane våre har lagt ned, og kva de har vore med på. Og vi treng ikkje minst å minnast dei som ofra alt - som ofra livet for at vi skulle få leve vidare i eit fritt land.

Difor vil eg her i dag - på vegne av alle kommunane i Nordfjord - få takke på det varamste dykk som er her i dag som veteranar frå Nordfjord - og legge ned ei blomehelsing på minnesmerket til dei frå Nordfjord som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.

Vi er dykk evig takksame. Fred over dykkar minne.