Dagens leiar

Frigjeringsdagen 8. mai

Det er mai, månaden vi på mange måtar feirar det flotte landet vårt og fridomen vi har. Vi er heldige. Frigjeringsdagen er ein viktig dag i norsk historie som ikkje må gløymast.

Onsdag vert det felles Nordfjordfeiring av frigjeringsdagen.   Foto: Arkiv

Frigjeringsdagen er ein viktig dag i norsk historie som ikkje må gløymast.

Meiningar

Onsdag er det klart for felles Nordfjordfeiring av frigjeringsdagen vår 8. mai. Då vert det felles markering av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen, og også presidenten i Norgs Røde Kors, Robert Mood, kjem til Eid.

Veteranar frå Forsvaret sine internasjonale operasjonar er spesielt inviterte for å bli heidra for innsatsen dei har gjort for landet vårt.

Markeringa er ved minnesmerket Sørgande mor på den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid – eit sterkt symbol på ein stad som ikkje berre omfamnar Malakoff Rockfestival.

Det er framleis mange som huskar godt denne spesielle maidagen i 1945 då det norske flagget igjen kunne vaie – etter fem år med krig. Flagget var eit synleg bevis på at Norge igjen var eit fritt land bygd på demokrati. For mange som ofra livet for fridomen vår er denne dagen minst like stor som 17. mai.

Lat oss bruke både frigjeringsdagen og nasjonaldagen til å glede oss over fridomen, og den velstanden som mange av oss er heldige å ha. Vi må minnast dei som kjempa imot overmakta, og som til slutt vann fridomen.

Vi må også tenke på dei mange som framleis lever i krig. Mange av våre nye landsmenn har sterke historier å fortelle.

I solidaritet med dei som lever i land med krig, og i takk for dei som kjempa for vår eigne ridom, heisar vi flagget på frigjeringsdagen.