Ja til trafikkstasjonen i Nordfjord – og i heile landet

Eg er ikkje mot endringar.  Tvert om er endringar det einaste som er sikkert. Men så lenge det er eit viktig mål å ha ein fleksibel organisasjon som utnyttar ressursane effektivt trur eg ikkje noko på at det blir fleire meter veg av å sentralisere oppgåveløysinga vekk frå folk.

Paul Jacob Helgesen er listetopp og ordførarkandidat for Stad Senterparti.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Dagens struktur når det gjeld trafikkstasjonar er fastlagt av Stortinget. Sentraliseringa som skjer med trafikkstasjonane over heile landet handlar om politikk og er resultat av bestilling frå Regjeringa.  Staten sentraliserer og flyttar kostnadar og tidsbruk over på innbyggjarar og næringsliv i distrikta. Landet treng ein ny kurs. Senterpartiet vedtok på sitt landsmøte at «dersom regjeringen foreslår vesentlige endringer i struktur og tjenester på trafikk- og kjøretøyområdet, så må dette behandles av Stortinget».

Vegvesenet skal no ikkje lenger organiserast etter ein geografisk modell, men i divisjonar. «Modellen sørger for gode spillerom for geografisk plassering av ansatte og enheter, samtidig som vi vil kunne samle mange fragmenterte fagmiljøer under en felles ledelse» seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i pressemeldinga.  Det går også fram av pressemeldinga at «Divisjonalisering betyr at mest mulig like oppgaver blir samlet i en organisatorisk enhet under én leder».

Argumenta som blir lagt fram er forlokkande: organisering i divisjon skal gjere ein meir effektiv og dermed gje meir veg for pengane.  Kven vil vel ikkje det? Men korleis skal denne organiseringa gjere ein meir effektiv? Jo, gjennom tydeleg styring av verksemda, men spesielt gjennom større kraft i digitaliseringa.

Eg har ikkje funne konkrete tal på kor mange meter veg det er snakk om at dette skal gi. Derimot kjenner eg att argumenta som vert nytta. Ein kan berre bruke Word sin «kopier og lim inn» og sette kva som helst slags namn inn på offentlege tenestetilbod ein vil sentralisere: «Færre og sterkere fagmiljøer vil gjøre ------------- bedre rustet til å løse samfunnsoppdraget».

Det er ein utopi å tru at det nødvendigvis blir meir effektivt å samle alle som jobbar med nokolunde like oppgåver under ein sjef:

*For det fyrste er det ikkje sikkert det vert færre leiarar og mindre administrasjon. Det vil vere stor risiko for behov for fleire mellomleiarar/ gruppeleiarar i ein slik modell. Skilnad frå i dag vert såleis at leiarane i organisasjonen er sentralisert til byar/småbyar. Dette gjev ingen effektivisering eller betre teneste til innbyggjarane.

*For det andre vil eg stille eit stort spørsmålsteikn til verdien av fysisk samling av «fragmenterte fagmiljø» og etterlyse ei betre utgreiing av kva ein risikerer å tape. Kanskje risikoen ved divisjonsorganisering heller er større fragmentering i oppgåveløysinga og eit større byråkrati for å kompensere for dette og sikre samhandling?  Eg vil hevde at ein konsekvens er at kvar leiar får eit smalare fagfelt enn det dagens leiarar har i geografisk modell. Dette aukar risikoen for at oppgåveløysinga vert meir fragmentert. Det er uheldig når ein innan same etat ikkje meistrar å sjå ting i samanheng. Det effektive med ein geografisk modell er tett dialog mellom tilsette innan ulike ansvarsområde under felles leiar. Leiaren vert såleis ansvarleg for at ein ser ulike fagområde i samanheng og at ein utnyttar ressursar effektivt på tvers av fagområde (divisjonar) i takt med skiftande behov. Det er ei stor styrke.

Med dagens teknologi er «fjernleiing» mogleg.  Men det må gjelde begge vegar. Aldri har det vore enklare enn no. Digitaliseringa bør nyttast til å tilby gode tenester til innbyggjarane og gjerne binde saman kompetansemiljøa rundt om på trafikkstasjonane og redusere kostnadar. Ja, ein bør heller bruke krafta gjennom digitalisering til å styrke aktiviteten på trafikkstasjonen, i staden for å svekke den.

Eg er ikkje mot endringar.  Tvert om er endringar det einaste som er sikkert. Men så lenge det er eit viktig mål å ha ein fleksibel organisasjon som utnyttar ressursane effektivt trur eg ikkje noko på at det blir fleire meter veg av å sentralisere oppgåveløysinga vekk frå folk. Ja til trafikkstasjon i Nordfjord, og i heile landet.