Dagens leiar

Folkefest

For ei helg! Det vart nokre store dagar på Nordfjordeid med sjøsetting og dåpen av Myklebustskipet. Imponerande arbeid av båtbyggjarane frå Bjørkedalen. Dei har laga eit smykke som vil vere eit viktig trekkplaster for heile Nordfjord.

Sjøsettinga og dåpen av det 30 meter lange og 15 tonn tunge Myklebustskipet vart ein folkefest.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Sjøsettinga og dåpen av det digre vikingskipet var ei storhending for heile Nordfjord.

Meiningar

Det var spenning rundt laurdagen si storhending med å få det tretti meter lange vikingskipet på fjorden. Først med draging på gamlemåten, der det nesten 15 tonn tunge skipet eit stund vart halde oppe berre av ryggane til 100 båtdragarar.

Med sine 30 meter er rekka med skjold imponerande, og med kløkt fekk Myklebustskipet vatn på kjølen.

Rundt vikingskipet, Sagastad og Sagaparken aula det med folk. Alle var på plass frå fjern og nær for å få med seg den historiske hendinga me då sjøsette rekonstruksjonen av landets største vikingskip – 1.150 år etter at Myklebustskipet segla på Eidsfjorden for første gong.

Søndag var det skipsdåp. Og om ein trudde at skipsdåpen med kulturministeren som gudmor ikkje skulle fengje ålmenta, fordi ein dagen før hadde fått med seg sjøsettinga, så må ein tru om igjen. Også her stimla folk saman i båthamna og på den nye seawalken stod det tettpakka med folk.

Sjøsettinga og dåpen av den digre vikingskipet var ei storhending for heile Nordfjord. Det er viktig at ein innan reiselivsnæringa samarbeider, og at ein framsnakkar kvarandre enten det gjeld Vestkapp, Sagastad eller Loen Skylift. Målet må vere å få turistane til å vere lenger i Nordfjord.

Vikingskipet, bursdagsfest i Operahuset og Eid Cup skapte stor folketilstrøyming til Nordfjordeid på det som også vart ei godvêrshelg. Dette var også elddåpen i forhold til når 4.350 cruisepassasjerar kjem til land 21. mai. Butikkar og utestadar må planlegge godt, og ha nok is i frysediskane og nok fiskesuppe til alle som ønskjer det. Der var det mange som feilberekna denne gong.