Dagens leiar

Klart for sjøsetting

Det 30 meter lange Myklebustskipet står ferdig, og det er duka for største vikingfesten på Nordfjordeid på 1.150 år.

Drakehovud på fredag: I dag skal treskjærar Rolf Taraldset setje på drakehovudet og hale på skipet. Det er rundt 90 cm breitt og 1,80 på lengda, med ei vekt på rundt 80 kg. Søndag er det dåp.  

Det digre vikingskipet vert eit landemerke i regionen.

Meiningar

I helga er det klart for sjøsetting laurdag og døyping av Myklebustskipet med kulturministeren som gudmor.

9. mai er det opning av Sagastad. Sagastad-prosjektet har blitt jobba med å realisere i mange tiår. Her kan ein bli betre kjende med vår eiga lokale vikinghistorie, og det vert spennande å sjå kor stor interesse det vil tiltrekke seg.

Sagastad tek over Myklebustskipet søndag når det er skipsdåp.

Det har allereie vore stor pågang av folk som er interessert i å sjå både båten og er nyfikne på det nye senteret som ligg like ved strandlinja. Nokon er interessert i bygget, andre i vikinghistoria, eller vil sjå korleis det digre vikingskipet har vakse fram – medan dei erfarne båtbyggjarane frå Bjørkedalen har etter tre års byggetid skapt det største vikingskipet dei nokon gong har laga.

Myklebustskipet er det største vikingskipet ein så langt har funne spor etter i Norge. Det var funne brent i ein gravhaug på Nordfjordeid under utgraving i 1874. Men ut frå skjoldbolar og saum/spiker som vart funne, kan ein seie noko om storleiken på skipet. Vikingskipet som no er bygd er 30 meter langt og 6,5 meter breitt, og fredag får det både drakehovud og hale på seg.

Vikingskipet er så stort at ein treng 48 roarar under sjøsettinga. Skipet har 24 årepar.

Det digre vikingskipet vert eit landemerke i regionen, og vi trur mange kjem nyfikne til Eid i helga for å få med seg storhendinga. Og dei røynde båtbyggjarane i Bjørkedalsbåt AS lovar at skipet vil halde seg flytande.

Så får vi manne oss opp til ei hektisk helg på Nordfjordeid, med vikingskip, fleire dagar med tiårs bursdagsfest av Operahuset Nordfjord og Eid Cup der hundrevis av barn og unge vil vere i aksjon på Eid Idrettspark.