Lesarinnlegg

Selje kommune- ut av Robek og på vei inn i Stad kommune

Etter å ha registrert ein del kommentarar på sosiale medium og i lokalbefolkninga, ser eg det som nødvendig å komme med nokre faktaopplysningar om den utviklinga som har vore i Selje kommune i den siste kommunestyreperioden.

Ordførarkandidat: Geir Årvik er Høgre sin ordførarkandidat til kommunevalet i Stad kommune til hausten. I dette lesarinnlegget kjem han med oppøysningar om utviklinga som har vore i Selje Kommune den siste kommunestyreperioden.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Selje kommune har i denne perioden gått frå å vere på Robek-liste med avgrensa handlingsrom, til å no ha over 30 millionar på bok og god utviklingskapasitet.

Vi har gjennomført forhandlingar med politikarane i Eid som har resultert i at Stad kommune snart er ein realitet.  Fellesnemnd for Eid og Selje har som felles motto at vi skal bli eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Skal vi få til dette må vi som politikarar vere gode føregangskvinner og -menn. Det vi har fått til i Selje kommunestyre den siste perioden hadde ikkje vore mogeleg å oppnå utan nettopp det: å stå saman når vedtaka er fatta og dei politiske diskusjonane er over.

I denne siste perioden har vi mellom anna fått til fylgjande:

  • Vedteke gjenåpning av symjebassenget på Selje skule, og sett av midlar til dette.
  • Etablering av industriområde på Stadlandet.
  • Vedteke oppstart av reguleringsplan for næringsområde på sørsida.
  • Oppstart av reguleringsplanen for Korsen vil skje i desse dagar.
  • Vedteke regulering av fylkesveg 620, Årsheimsstranda.
  • Installert heis på Stadlandet Eldretun.
  • Rekordstor sum, 5 millionar, til vedlikehald av kommunale vegar i 2019.
  • Vedteke kjøp av kommunehuset og etablering av nytt publikumsmottak.
  • Utviding av gjestehamna i Selje.
  • Saman med Eid gjennomført ei stadanalyse som skal danne grunnlaget for framleis vekst og trivsel i HEILE den nye kommunen.
  • Vedteke opprusting av vegen til Vestkapp UTAN at dette går på bekostning av anna vegvedlikehald.
  • Sett av over 8 mill til vedlikehald av offentlege bygg.

Ingen ting av dette hadde vore mogeleg utan godt (og samstemt) politisk handverk og stor og god innsats fra dei tilsette. Eg vil her påpeike at dette gjeld alle tilsette, både i sentraladministrasjonen, på kommunehuset ellers og ute på einingane.

I tillegg til dette har private i stor grad bidrege til auka aktivitet og optimisme i bygdene våre. Kan berre nevne Stad Hotel, ny giv på Vestkapp, rydda branntomt etter Selje Hotel og forprosjekt i gang med tanke på nytt hotell. Eksisterande bedrifter som dagleg bidreg til at innbyggjarane våre har trygge arbeidsplassar å gå til er og ein uvurderleg ressurs for bygdene våre.

Difor: La oss ALLE stå saman for å nå samfunnsmålet for den nye kommunen.

Til oss politikarar: La oss ha ein god, ryddig og snill valkamp!