Endringane i postlova

Råkar demokratiet

Det er vanskeleg å forstå regjeringa som den eine dagen vil styrke lokalavisene, og den neste føreslå endringar som gjer at ein ikkje når fram til lesarane.

Det er fleire som stussar over logikken i det regjeringa no legg fram.

Meiningar

For vel ein månad sidan la kulturminister Trine Skei Grande (V) fram mediemeldinga, som viste at regjeringa ville satse på og styrke lokalavisene. Onsdag i førre veke la den same regjeringa, som kulturminsteren er ein del av, fram forslag til ny postlov. I forslaget til ny postlov blir det føreslått å innføre postombering 2,5 dagar i veka frå 1. juli 2020. Konkret betyr 2,5 dagar postombering at det blir levert post to dagar ei veke og tre dagar neste veke. På ulike dagar. Ei veke er det snakk om ombering måndag, onsdag og fredag, og tysdag og torsdag den neste.

Alle aviser har valt sine faste utgjevingsdagar, ut frå omsyn til abonnentane som skal ha avisa så fersk som mogleg, av omsyn til annonsørane sine ønskje og av omsyn til at det ikkje skal vere for lang tid mellom utgjevingane. Då Posten valde å kutte ombering på laurdag, endra mange aviser frekvens og utgjevingsdagar. Blant desse Fjordabladet som gjekk frå tre utgjevingar i veka til to. Ein treng ikkje vere rakettforskar for å forstå at ei veksling mellom ulike vekedagar kjem til å bli svært utfordrande for aviser som kjem ut oftare og/eller på andre dagar. For å bøte på utfordringane for aviser som får problem med å få ut papiravisa til lesarane, vil regjeringa hjelpe med distribusjon av aviser der det ikkje er eigne avisbodnett tre faste dagar i veka over ein treårsperiode; tysdag, torsdag og laurdag.

Regjeringa vil gje avisbransjen ti millionar kroner ekstra i mediestøtte dei neste åra for å flytte lesarane over på digitale plattformer. Den største utfordringa, vedgå det eller ikkje, er at avisene framleis er avhengige av inntektene frå papiravisa, og få i bransjen ser føre seg at dei digitale alternativa skal gje grunnlag for lågare omdelingsfrekvens i nær framtid. Generalsekretær Rune Hetland i LLA stussar over at regjeringa går inn for å kutte i leveringsdagar for avisene rett etter at regjeringa i mediemeldinga gav uttrykk for eit ønske om å sluse ein større del av mediestøtta til lokalavisene. Det er ikkje Rune Hetland åleine om. Det er vanskeleg å forstå regjeringa som den eine dagen vil styrke lokalavisene, og den neste føreslå endringar som gjer at ein ikkje når fram til lesarane.