Dagens leiar

Sunniva og hesten

Folket har talt - ein ønskjer Sunniva og fjordhesten i kommunevåpenet til Stad kommune.

Fleirtalet ønskjer Sunniva med fjordhest som kommunevåpen til Stad kommune.  

Sunniva og fjordhesten står på kvar sin måte for historia til dei to kommunane som no skal inngå giftarmål.

Meiningar

2.797 har røysta på dei to alternativa for kommunevåpen, og det er ein stor overvekt med 2.369 røyster som ønskjer Sunniva med fjordhest. Båtmotivet fekk 428 røyster.

Vi meiner politikarane i Eid og Selje no må høyre på kva folket meiner, sjølv om det berre er ei rådgjevande folkerøysting.

Også vi i Fjordabladet har på våre nettsider hatt ei meiningsmåling om kva kommunevåpen du meiner nye Stad kommune skal ha. Også eit klart fleirtal av lesarane våre meiner ein må gå for Sunniva og hest.

Forslaget til båt er greitt nok, sjølv om den kanskje ikkje er så spenstig i linjene. Den er heller ikkje nordfjordbåt eller vikingskip, og båt er heller ikkje noko unikt for ein fjord- og kystkommune.

Det er derimot Sunniva og fjordhesten, som kvar på sin måte står for historia til dei to kommunane som no skal inngå giftarmål.

Eid Fjordhestlag har i klare ordelag uttrykt si meining om nytt kommunevåpen, og til dei politikarane som er ute på ein liten båttur påpeikar dei at det er lett og greitt å snu skuta og ri seg inn att, for så å setje Sunniva og fjordhesten på land.

Også fylkesvåpenet til nye Vestland fylkeskommune er under utarbeiding. Her skal ein satse på fjord og fjell som motiv, men dei førebelse utkasta vert av nokon karakterisert som nokre enkle trekantar. Administrasjonen i dei to fylkeskommunane arbeider no vidare med nytt fylkesvåpen, før saka går vidare til fellesnemnda for vedtak 23. mai.