Vekst og utvikling i lokalsamfunn

Mi oppmoding til politikarane er at vi må vere meir lydhøre over for befolkninga og bidra til å finne gode løysingar slik at byggeaktivitet kan blomstre.

Einar Oddgeir Midtbø, er busett på Bryggja og lokalpolitikar i Vågsøy kommune.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Gjennom lokalpolitisk arbeid siste årene, samt presseoppslag i lokal media siste tida, kan vi observere at å etablere naust i strandsonen eller bustadhus  ute i bygdene våre kan vere eit vanskeleg nålauge å passere, særleg når ikkje kommunale arealplaner er på plass.

Er det verkeleg formålstenleg å praktisere like strenge vurderingar om etableringar i vårt lokalsamfunn som eksempelvis ved Oslofjorden og i tett busette område?

Eg observerer strenge kriterier når byggesaker blir vurdert både i Selje, Vågsøy og i Eid.

Ikkje alle stader ute i bygdene har ein arealplaner på plass.

I Sogn og Fjordane har vi store landareal som kan byggast på, og når det gjelder strandsona så har vi verkelig mykje strandlinje som kan tas i bruk utan at det får stor negativ konsekvens for befolkninga elles.

Alle vi som er valt inn i lokalpolitikken snakkar om at vi må legge til rette for større tilflytting. Vi snakkar og om at vi må legge til rette for «vekst og utvikling». Det eg her vil peike på er at politisk styring og kommunal administrasjon må bli flinkare til å spele på lag med befolkninga. La oss ta landareal og strandlinje i bruk. Mange av desse areala berre ligg der unytta. Strenge vurderingar bidreg ikkje til å bygge vårt lokalsamfunn på ein god måte.

Mi oppmoding til politikarane er at vi må vere meir lydhøre over for befolkninga og bidra til å finne gode løysingar slik at byggeaktivitet kan blomstre. Ikkje noko lovverk hindrar oss i og vere løysingsorienterte i det politiske arbeid.