Dagens leiar

Kraftkrevjande

Den gamle gruva i Lefdal har på kort tid blitt Norges største datalager. Her er investert 250 millionar, og endå er det berre ein liten bit av gruva som er i bruk. Her er stort potensial til å bli dei største i verda.

FLEIRE ALTERNATIV: SFE har søkt NVE om konsesjon for å bygge om eksisterande 132 kV-kraftleidning mellom Ålfoten og Bryggja, slik at den går innom Lefdal, samt å etablere ein ny transformatorstasjon i Lefdal. Alt. 2.1 er raude strek til høgre.  Foto: NVE

Folket i Lefdalsbygda er sterkt splitta i synet på kvar den nye linja bør gå.

Meiningar

Lefdal Mine Datacenter har eit viktig lokkemiddel – med bortimot grenselaus kapasitet. Og det store behovet for datalagring ligg internasjonalt – Tyskland, England og USA.

Vi heiar på dei som hadde vyar og torde å satse.

Men det er eit paradoks at datalageret er svært kraftkrevjande.No har SFE Nett søkt NVE om konsesjon for å bygge om dagens 132 kV-kraftleidning mellom Ålfoten og Bryggja, slik at den går innom Lefdal. For satsinga i den gamle gruva treng kraft – mykje kraft. Og skal dei satse vidare – treng dei endå meir kraft.

Folket i Lefdalsbygda er sterkt splitta i synet på kvar den nye linja bør gå for å forsyne Lefdal Mine Datacenter med meir elektrisk kraft.

Nokre grunneigarar viser til at datasenteret vert marknadsført som eit grønt alternativ, og at det dermed bør takast omsyn til miljøet også oppe i dagen – ikkje berre nede i gruva.

Andre viser til at det beste er å samle alle linje i same trasé – der det er allereie er gjort inngrep før – i staden for at nye område bli berørte.

Her er også meiningar om at ein privat utbyggar ikkje bør få lov til å rasere bygda slik som eit av alternativa legg opp til. Det vert vist til at linjene vil skape eit sår som er synleg for dei fleste i Lefdal.

Vi forstår frustrasjonen i Lefdalsbygda – det kan verke urettvist at den grunneigaren som får mest ulemper ikkje får økonomisk kompensasjon.

Men kva om ein i staden for å presse fleire synlege linjer inn i bygda, heller vurderer kabling og sprengde linjene ned i jorda, så ein i minst mogleg grad raserer kulturlandskap – eller vurdere om ein rett og slett skal satse på sjøkabel?