Dagens leiar

Bønder viser veg

Sogn og Fjordane bondelag har kåra Eid bondelag til årets bondelag for 2018. At dei lokale bøndene er synlege er eit av argumenta for tildelinga.

Framtidsbønder har vi fleire av her i Eid, Selje og Nordfjord. Bønder som egnar å sjå ei framtid for Vestlandslandbruket. 

Landbruket i Norge har endra seg enormt dei siste tretti åra.

Meiningar

For dei som måtte tru at bønder er ei gammal avdanka rase tar heilt feil. Våre lokale bønder viser veg. Akekveld, ostekveld, sommarfest, bondekafe, skulebesøk og open gard er viktige arrangement som er med å styrke det sosiale samhaldet mellom bøndene, samtidig som det gjer bøndene synleg i lokalmiljøet.