Kvinnedagen

I dag er det 8. mars. Den internasjonale kvinnedagen. Kvart år kjem diskusjonen om vi eigentleg treng denne dagen lenger. Vi som bur i eit av verda sine mest likestilte land. Til det vil eg bestemt hevde at det gjer vi.

Siri Sandvik er ordførarkandidat for Stad Arbeidarparti og leiar for kvinnenettverket i Vestland Arbeidarparti.  Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Kvinner - og menn - har i over hundre år stått på og kjempa for eit meir likestilt Norge, med grunnleggande rettar også for kvinner, til å bestemme over eige liv og eigen kropp. Vi har lenge trudd at kampane var kjempa ein gong for alle. Men så viser det seg at det ikkje stemmer. Vi må framleis stå på for det vi trur på og for at kvinner skal delta på lik linje med menn.

Eg nemner berre nokre problemstillingar:

  • Arbeidsmiljølova. Meir midlertidighet har ikkje gitt ein lettare inngang i arbeidslivet. Det kvinner treng for å kunne leve sjølvstendige liv er heile stillingar og faste stillingar, akkurat på same måte som menn.
  • Barnehageplass til alle når ein treng det, og til ein overkomeleg pris. Dette er også kvinnekamp, og viktig for at kvinner skal kunne delta fullt i arbeidslivet også etter at dei har fått barn.
  • Trygge og tilgjengelege fødetilbod og barselomsorg over heile landet, i indre Oslo, i Bergen, i Finnmark og på Stad. Det skulle berre mangle.
  • Pensjon frå første krone, også for dei lågtlønte, der kvinner er overrepresentert.
  • Retten til å delta i samfunnet utan å bli trakassert. #metoo kom som eit jordskjelv over heile verda for halvanna år sidan. I næringslivet, i kulturlivet, i frivilligheita og i politikken høyrde vi alvorlege historier om korleis kvinner vart trakassert og utnytta av betydeleg eldre menn i maktposisjonar. Mange grep vart tatt. Men i vinter har vi igjen blitt minte på at denne kampen må halde fram.
  • Retten til å bestemme over eigen kropp. Abortlova har no eksistert i over 40 år. Den har vore eit vellukka kompromiss som har stått seg uavhengig av kven som har sete med makta. Vår sitjande statsminister Erna Solberg er den første som har vore viljug til å forhandle om kvinner sine rettar for å oppnå makt. Først med reservasjonsretten i 2013. Og så med å opne for innstramming av sjølve abortlova sist haust. Slik vil vi ikkje ha det. Kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp skal ikkje ende opp som eit forhandlingskort i nokon samanheng, korkje no eller seinare!

Så må eg vie litt ekstra merksemd til noko eg er svært oppteken av, nemleg kvinner i lokalpolitikken. I denne perioden er det på landsbasis 28% kvinnelege ordførarar.

21 av kommunane har under 20 prosent kvinneandel i formannskapet. Kommunalminister Monica Mæland (H) adresserte i 2018 denne problemstillinga. Ho sa mellom anna at partia har eit stort ansvar ved utforming av vallistene, og at listesamansetjinga har stor betyding for kven folk stemmer på. Vitet er nokolunde likt fordelt både når det gjeld kjønn og når det gjeld geografi. Mæland meinte at ein måte å redusere mannleg dominans er å setje opp annankvar mann og kvinne på lista. Og at stemmetillegg bør gjevast til like mange kvinner som menn.

Ved førre kommuneval var 80 prosent av ordførarkandidatane menn på landsbasis. Korleis det vert i år har vi vel ikkje full oversikt over enno.

I Stad kommune begynner vi å få fasit. Det ser ut til å verte 7 parti som stiller liste. Med berre ein kvinneleg ordførarkandidat. Fleire parti har relativt sett få kvinner på listene. Og heller ikkje alle har stemmetillegg til kvinneleg kandidat. Personleg synes eg dette er urovekkande  for lokaldemokratiet. Særleg sett i lys av at auka kvinnerepresentasjon i lokalpolitikken er noko vi faktisk har hatt fokus på i komande Stad kommune.

Men den internasjonale kvinnedagen handlar ikkje berre om korleis vi har det her heime på berget. Vi må ikkje gløyme at den i høgste grad også handlar om internasjonal solidaritet.

  • Ein milliard kvinner bur i land der det ikkje fins lover mot å voldta koner, søstrer og andre slektningar. 10 land har lover som eksplisitt slår fast at menn har denne retten.
  • 46 land har ingen lover som forbyr menn å slå kona.
  • Ni land har lover som slår fast at ein mann som valdtek ei kvinne slepp straff dersom han gifter seg med henne, uavhengig av kva kvinna sjølv meiner.
  • Ein og ein halv milliard kvinner bur i land der mannlege slektningar har lovfesta rett til å kontrollere kvinna sin økonomi.
  • 25 prosent av kvinner i verda bur i land med svært restriktive abortlover, fire land har totalforbod, også om kvinne står i fare for å døy.
  • I 18 land kan ikkje kvinner gifte seg utan ein mann sitt løyve.
  • I 17 land kan ikkje gifte kvinner forlate huset utan mannen sitt løyve.
  • 117 land tillet at barn kan gifte seg, jentene vert oftast gifta bort til eldre menn, og lir mest på grunn av tidlege graviditetar.
  • 200 million jenter og kvinner er i dag omskorne, truleg er det store mørketal.

Så om du synes vi har det godt nok her til lands, er det likevel god grunn til å stå opp for vanskelegare stilte medsøstrer over heile verda. Ingen kan gjere alt åleine, men alle kan gjere litt. Gratulerer med kvinnedagen!