Vi har mykje å takke kvinnerørsla for, Erna Solberg!

Feminisme og likestilling handlar ikkje først og fremst om retorikk. Det handlar om politikk.

Ann-Kristin Nygård, Fylkesleiar FO Sogn og Fjordane. 

Meiningar

For fleire tiår sidan sa Storbritannias dåverande statsminister Margareth Thatcher «I owe nothing to women’s liberalization». Ho meinte altså at ho ikkje hadde noko å takke kvinnerørsla for. Det er mykje problematisk med dette sitatet. Men framfor alt er det feil.

Thatcher kan takke kvinnerørsla for at ho i det heile tatt hadde høve til å både stemme og bli valt. Ho kan takke kvinnerørsla for at ho hadde rett til å eige eigendom og til å arve eigendom. For å nemne noko.

Og Thatchers 30 år gamle sitat er dessverre fortsatt relevant. Vår eigen statsminister uttalte 24. januar i år: «- Jeg er feminist. […] Jeg er en feminist med tro på markeddsøkonomi og folks valgfrihet, men ikke feminismen som venstresideideologi fra 70-tallet. Den er jeg uenig i»

Men kva var det eigentleg som skjedde på 70-tallet, med desse venstrefeministane ved roret?

Fleire likestillingsorganisasjonar blei etablert og stilte krav om frigjering frå det mannsdominerte samfunnet. Det som skjedde politisk i løpet av 70-åra betyr framleis mykje for likestilling i dag. Vi har fleire døme på det bl.a. endring av odelslova, den første barnehagelova kom, fødselspermisjon blei utvida for første gong på 40 år, lov om sjølvbestemt abort og likestillingslova som kom i 1979.

Dagens fire kvinnelege borgarlege partileiarar kjenner eit behov for å understreke at dei «ikkje er kvinnefientlege» i eit intervju i januar 2019. At dei kjenner eit behov for å framheve dette er ganske spesielt i seg sjølv. For eigentleg er det ganske enkelt; enten står vi på barrikadane for likestilling, eller så gjer vi det ikkje.

Guri Melby frå Venstre sa 17. februar at det er «sjefens ansvar at pappa tar perm». Og at det er «en ansvarsfraskrivelse å tenke at staten bare skal fikse alt».

Som fagforeining er Fellesorganisasjonen bevisste på arbeidsgjevar sitt ansvar. Men vi veit også kva som er politikarane sitt ansvar. For det handlar ikkje berre om eit fritt marknad og valfridom, Erna Solberg. Det er ikkje nok med gode intensjonar. Likestilling handlar om politikk.

Historia har vist oss at ingenting kjem av seg sjølv, men også at opparbeida rettar ikkje varer evig og at ingen kamp er vunne ein gang for alle. Vi har sett at det ikkje nytter å lene seg tilbake å tru at «alt ordner seg sjølv».

Vi kan ikkje stole på at historia alltid fører oss framover. For den gjer ikkje alltid det.

Desse «statsfeministane frå 70-tallet» gjekk i bresjen for å bevege oss bort frå eit mannsdominert samfunn, og sikre oss like mulegheiter enten vi er født med det eine eller det andre kjønnet. I dag veit vi at kvinneleg yrkesdeltaking har sikra samfunnet verdiar som er høgare enn oljefondet.

Mange tenkjer at kvinnekamp ikkje betyr så mykje no. Vi har jo nådd full likestilling.

Likestillingsminister Skei Grande har uttalt at «Jeg finner ingenting som går i feil retning» når det gjelder likestilling. Men ho unnlet å nemne at den stort sett går med museskritt.

Og på nokre områder har likestillinga gått i feil retning:

• Arbeidsmiljølova opnar opp for meir midlertidigheit. Midlertidigheit gir meir utrygge jobbar og dette går mest utover unge arbeidstakarar og dei som ønskjer å stifte familie.

• Arbeidsgjevar er ikkje lenger pålagt å rapportere om likestilling. Etter lovendringane som regjeringa har gjennomført, har berre 1,7 prosent av dei private bedriftene rapporteringsplikt.

• Barnehageprisane har auka med over 700 kr månaden under denne regjeringa.

• Likestillingslova er avskaffa, og erstatta med ei likestillings- og diskrimineringslov.

• Regjeringa har gitt Krf vetorett i bioteknologilova, noko som hindrar kvinner og menn like rettar til assistert reproduksjon.

• Abortloven er blitt endra for første gang på 40 år, nei til tvillingabort svekker kvinners sjølvråderett.

Og på andre områder er det behov for å gjere meir:

• Likelønn: Kvinner som jobbar heiltid tener i gjennomsnitt 87 % av menn si lønn. For dei med høgare utdanning er ulikskapen endå større.

•  Rett til heiltid: Om lag 40 prosent av kvinner jobbar deltid, medan berre 15% av menn jobbar deltid. To av tre kvinner som jobbar deltid ønskjer seg større stilling.

• Kjønnsdelt arbeidsmarknad der gutar og jenter framleis tek svært tradisjonelle yrkesval, og kvinnedominerte yrker vert lågare verdsett enn mannsdominerte yrker.

• Kvinnelege leiarar: Under fire av ti leiarar er kvinner, og talla blir verre om ein skil ut privat sektor.

• Seksuell trakassering: Det er behov for å styrke arbeidet mot seksuell trakassering på arbeidsplassane. Dette kan bli gjort ved at klagar blir behandla av Diskrimineringsnemda, slik at den enkelte slepp å gå til sivil rettssak. Arbeid mot seksuell trakassering er ikkje ein del av det systematiske HMS-arbeidet, men dette bør sikrast gjennom arbeidsmiljølova.

Det er 110 år sidan denne dagen først blei markert nasjonalt i USA. I Norge har vi markert dagen i 104 år. Vi har kome langt, men vi er ikkje i mål.

Å sette kvinnekamp på dagsorden, eller kalle seg feminist fører ikkje nødvendigvis til endring i seg sjølv. For likestilling handlar ikkje berre om retorikk, det handlar om politikk. No må det handling til frå politikarane.  Vi treng eit krafttak for kvinnelønn og likestilling!

Gratulerer med kvinnedagen 8.mars!