Kampen for eit trygt arbeidsliv er kvinnekamp

Kvinnedagen, 8. mars, er ein kampdag. Ein dag der vi går ut på gater og torg og hevar stemma for kvinnene sine rettigheiter.

Kari Daltveit er nestleiar i Fagforbundet Sogn og Fjordane. 

Meiningar

Fagforbundet hevar stemma si samla i dag, for retten til heile, faste stillingar, til lik løn for arbeid av lik verdi, og i solidaritet med systrene våre sin kamp over heile verda.

To av kvinnekampen sine slagord på 70-talet var «heiltid ein rett, deltid ei moglegheit» og «eit arbeid å leve med og ei løn å leve av». Vi ser faktisk variantar av disse slagorda på parolane rundt om i Norge, også i dag.

Framleis arbeider to av tre i kommunane deltid. Dei fleste av dei er kvinner i omsorgsyrke. Nesten fire av fem stillingar som helsefagarbeider, vert lyst ut som deltid.

Med små deltidsstillingar er det ikkje mogleg å få eit lån og heller ikkje ein pensjon du kan leve av, når den tid kjem. Mange står opp kvar morgon og håpar at sjefen skal ringe med tilbod om ei ekstravakt. Det er den einaste moglegheita for å få endane til å møtast i slutten av månaden.

Det går alltid utover kvaliteten på tenestene når deltid er hovudregelen ved tilsetjingar. Dei tilsette blir ikkje godt nok kjent med bebuarane og deira behov, og dei får ikkje utvikla seg som fagpersonar. Dei kan ikkje planlegge, for dei veit ikkje når og kvar dei skal arbeide.

I mannsdominerte yrke ville dette aldri blitt akseptert. No er det nok. 70-talet sine krav må innfriast ein gong for alle. Fagforbundet krev heile, faste stillingar!

Det er flest kvinner som arbeider i offentleg sektor, og når vi nå ser at det også vert tatt til orde for at det er dei som skal vise moderasjon i lønnsforhandlingane i år, så må vi reagere.

Fagforbundet vil ikkje være med på at hjelpepleiarar, lærarar eller barne- og ungdomsarbeidarar ikkje skal få lønnstillegg ved årets tariffoppgjer. Vi krev auka kjøpekraft på lik linje med andre arbeidstakarar. Vi krev ei løn å leve av!

Kampen for eit trygt arbeidsliv, er også kvinnekamp. Fagforbundet fekk gjennomslag på LO-kongressen for at vi saman skal jobbe for arbeidstidsreduksjonar.

6-timarsdagen vil gje eit meir inkluderande og likestilt arbeidsliv med fleire heile stillingar. I tillegg vil det gje større moglegheit til å klare å stå i jobb til oppnådd pensjonsalder.

Fagforbundet er spesielt stolte på kvinnedagen, av samarbeidet vårt med Norsk folkehjelp, for å gje støtte til palestinske kvinner sin kamp for fridom og likestilling. 

Gjennom opplæring og organisering vil fleire palestinske kvinner gå ut i arbeidslivet. Dei vil velje tillitsvalte som skal kjempe deira sak på arbeidsplassen, slik som oss.

Kvinnekampen er internasjonal, og solidariteten er grenselaus. Din kamp er min kamp, og sjølv om samfunna vi lever i er vidt forskjellige, har vi same mål.

Kjære alle saman, 8. mars samlast vi for å peike ut vegen vidare. Vi samlast for å feire det vi har fått til. Saman skaper vi eit likestilt samfunn!