Arbeidslivet, eit liv i 100 %

Norge er på veg mot ein uhaldbar situasjon med store utfordringar i helsesektoren, ein sektor som ikkje prioriterast tilstrekkeleg til tross for gjentekne tverrpolitiske lovnader.
Meiningar

Investeringar i sjukehusa og kommunehelsetenesta, er nedprioritert. Dersom budsjetta ikkje inneheld nok pengar, må helsevesenet som i politiet, halde stillingar ledige fordi ein ikkje har midlar til å lønne nokon i stillingane. 

Politikarane har lenge sagt, at vi skal ha ei økonomisk satsing på helse- og omsorgstenestene i kommunane. Når ein ser igjennom budsjettala, ser ein at veksten berre fylgjer den gjennomsnittlege veksten i offentlege budsjetter. Samtidig vert fleire behandlingsforlaup flytta frå sjukehus til kommunane. Dette er politisk ønska,  då det er kostnadssparande.  Parallelt med dette ser vi ein stor satsing på andre sektorar i samfunnet, som samferdsel og forsvaret.

I rapporten frå Menon Economics «Bemanning, kompetanse og kvalitet – status for dei kommunale helse- og omsorgstenestene», peikast det blant anna på at nasjonen står overfor store utfordringar knytt til den demografiske utviklinga i årene framover. Befolkninga lever lenger og det medfører at fleire treng kommunale tenester.

Norge manglar i dag 6.000 sjukepleiarar.  I fylgje Samfunnsøkonomisk Analyse kan vi komme til å mangle hele 75 000 sjukepleiarar om 20 år.  NAV og KS peikar på sjukepleiarane som den yrkesgruppa, det er størst problem med å skaffe.  Mangelen på sjukepleiarar vil føre til ein stor reduksjon av tenestetilbodet i dei kommunale helse og omsorgstenestene.  Det vil råke pasientar og pårørande.

Sjukepleiaryrke er eit kvinnedominert yrke med over 90 % kvinner. Situasjonen i dag er at om lag halvparten av kvinnene/sjukepleiarane arbeider deltid.  Deltidsarbeidsomfanget bør reduserast fordi vi treng kompetansen og arbeidskrafta i helsevesenet. Noko av sjukepleiarmangelen  kan løysast ved at fleire av dei deltidsarbeidande kvinnelege sjukepleiarane aukar sin yrkesdeltaking.

Arbeidsgivar sitt ansvar er å tilby 100 % stillingar og eit arbeidsliv som gjer at alle som vil, kan delta 100 % i arbeidslivet. Arbeidskvardagen må vere slik at flest mogeleg, både kan og orkar å arbeide full stilling.

Norske kommunar og sjukehus må gjere seg attraktive som arbeidsgjevarar ved å tilby sjukepleiarar heile stillingar, gode lønns- og arbeidstidsordningar og eit godt fagmiljø.

Kvinners rett til heiltidsarbeid er avgjerande for deira økonomisk sjølvstende.  Då må dei ha ei inntekt å leve av, ei inntekt å låne av og ei inntekt å leve med.

Gratulerer med 8. mars dagen