Dagens leiar

Null til Selje

Eid får 550.200 kroner i trafikktryggingsmidlar, medan Selje får null og niks kroner. Det er kjent etter at Fylkestrafikktryggingsutvalet har fordelt midlar.

EID BLIR MEIR OPPLYST: Eid kommune har fått midlar til betre belysning på fem fotgjengarovergangar, medan Selje får null.   Foto: Anna Wuttudal (Illustrasjonsfoto)

Selje har ingnting å rope hurra for - i ein kommune der gangvegar er framandord.

Meiningar

Eid har fått tilskot til betre lyssetting av fotgjengarovergangar og busslommer knytt til område nytta av barn og unge på veg til barnehage, skule og aktivitetar utan skuletid.

For oss som køyrer bil veit vi at vi må vere ekstra merksame ved fotgjengarovergangane, nettopp fordi dei er for mørke og det kan vere vanskeleg å sjå om der kjem fotgjengarar eller syklistar. At dette no skal bli utbetra er flott.

I Selje har dei derimot ingenting å rope hurra for – i ein kommune der gangvegar nesten er framandord. Selje-ordførar Stein Robert Osdal er frustrert over å høyre argumenta frå fylkeskommunen og Statens vegvesen om kvifor Selje ikkje får midlar til gangvegar. Det vert vist til at det vil vere for store tiltak med høge kostnadar.

Vi forstår frustrasjonen. Selje kommune har laga eit større planprogram for utbygging av gang- og sykkelvegar i Selje. Prosjekta er frå sentrum i Selje mot Hamremyrane. På Flatraket der det er ganske mykje trafikkert, og der kommunen meiner heile bygda har behov for å få gang- og sykkelveg. Ein ønskjer også å prioritere på Stadlandet rundt Nobben og frå eldresenteret og opp til og med Stavefeltet.

Dette er tiltak som vil bety mykje for tryggleiken til innbyggjarane i Selje. Det er sterkt behov for det, nettopp fordi gangvegar er mangelvarer, og dei mjuke trafikantane og syklistane ikkje har så mange vegar å bruke frå før- utanom der bilane er.

Spørsmålet er då om innbyggjarane er mindre verdt i ein liten kommune - enn i ein større kommune der ein allereie har ein del utbygd gang- og sykkelnett.

Det vert skulda på for lite midlar. Då vert med andre ord Selje bakerst i køen alltid når det skal delast ut pengar til trafikktrygging. Dei kjem aldri i gang med gang- og sykkelvegar som vil gjere det sikrare for innbyggjarane.