Oklahoma er ein av dei store klassikarane i musikalhistoria, og har begeistra folk over heile verda sidan premieren på Broadway i 1943.
Alle som har vore på ein av skulemusikalane til Eid vgs tidlegare, veit kor spesielle desse forestillingane er. For alle andre er det no på tide å finne det ut.
For du skulle kanskje tru du gjekk til ein «haltande amatørmusikal» - sidan det er unge skodespelarar utan song- og musikkutdanning i alle rollene, som øver inn ein musikal i all hast i nokre hektiske veker ved sidan av vanleg skule.
Men slik er det ikkje. Ikkje i det heile tatt. Du går til ei forestilling på eit skyhøgt nivå - med glitrande songprestasjonar, koreografi og store felles-nummer som vil ta pusten frå deg. Og perfeksjon nær sagt ned til minste detalj i kostymer, hår, lyd, lys og scenografi.
Det er så nær ei Broadway- eller ei West End-oppleving som det er mulig å kome utan å reise til London eller New York - med våre eigne ungdommar i alle roller.
Difor er mi sterke oppmoding: Fyll Operahuset desse tre dagane! Gi dei fantastiske ungdommane våre den merksemda og det publikumstrøkket dei fortener.
Dette er ikkje helga for å sitje heime. Gå i staden mann av huse på Oklahoma!