Dagens leiar

Stad skipstunnel gir ringverknadar

Det var reine hallelujastemning og vekkingsmøte då næringslivstoppar, lokale og nasjonale politikarar møttest til ein konferanse om Stad skipstunnel denne veka.

Stad skipstunnel vil bli den første skipstunnelen i verda.  

Interessa frå utlandet er enorm.

Meiningar

Vi er ikkje i tvil om at Stad skipstunnel vil bidra til regional vekst og utvikling. Det viser også signala både frå reiselivsaktørar, oppdrettsnæringa og andre.

Stad skipstunnel vil bli den første skipstunnelen i verda. Den vil binde saman Vestlandet sjøvegen, og legg til rette for meir sjøtransport av gods og personar.

I ein årrekkje har ein snakka om å få meir av transporten på land over til sjø, og det er eit paradoks at den veksande oppdrettsnæringa i dag sender laksen sin på veg nedover Gudbrandsdalen, i staden for å legge den på kjøl og sende den sjøvegen.

Her må det jobbast både frå lokale og regionale politikarar. Næringslivet må ikkje gi opp, men trykke på, og på ny vise at skipstunnelen er viktig å få i hamn for å få vidare vekst.

Per Sævik meiner at om ein set saman Selja kloster, Vestkapp og Stad skipstunnel og vil ein vere uovervinneleg i reiselivssamanheng. Sævik veit kva han snakkar om. Han har gjort gull av gråstein tidlegare.

Nøkkelen er samarbeid, noko også Fjord1-direktør Dagfinn Neteland presiserer. Fjord1 er opptekne av å vere med, og tenker alt på korleis ein kan lage rundreiser.

Vi trur det lokale reiselivet i Nordfjord vil dra positiv nytte av tunnelen. Og interessa er der allereie. Kystverket har registrert 220 millionar nedlastingar av saker som gjeld Stad skipstunnel. Interessa frå utlandet er enorm, konstaterer prosjektleiaren i Kystverket.