Dagens leiar

Unge imponerer igjen og igjen

I helga vart det arrangert UKM i Operahuset Nordfjord der ungdommar frå Eid, Selje og Gloppen fekk utfalde seg med song, musikk, dans og andre kunstuttrykk.

UKM vart arrangert i Operahuset Nordfjord i helga med ungdommar frå Eid, Selje og Gloppen.   Foto: Tormod Flatebø

Det spirer og gror i kulturlivet lokalt.

Meiningar

Her var det mange unge stjerner. For nokon var det ny erfaring og kanskje litt skummelt å stå på ei så stor scene. Andre er meir scenevant og har gjort det ein rekkje gongar tidlegare.

UKM er ein arena der ungdom får imponere og får vise fram kva dei brukar fritida si på. Og det er stor spennvidd.