Dagens leiar

Nytt håp?

Vi synest politikarane i teknisk utval i Eid har vikarierande argument for å avslå Odd Kjetil Liseth ønskje om frådeling av tomt på Midthjell.

Odd Kjetil Liseth fekk ikkje medhald i klage i samband med avslag på frådeling av tomt på Midthjell.  Foto: Anna Wuttudal

Er det håp, eller har det gått for mykje prestisje i denne saka?

Meiningar

Det kan verke som om når argumenta ikkje held så må ein finne på noko nytt. No får han ikkje støtte i klaga si, samtidig som dei ber han sende inn ny frådelingssøknad på nytt. Det kan verke som dei kastar blår i augo på han som ønskjer å byggje og busette seg på Midthjell.

Då politikarane hadde møte denne veka var det tomtestorleik og skredfare på tilkomstveg diskusjonen handla om. Liseth sjølv meinte det var litt meir sakleg grunngjeving for avslaget denne gongen.

Bakgrunnen er at Eid kommune ikkje kan gje dispensasjon for bygging når dei meiner det er fare for at det kan gå skred. Kva type skred det er snakk om, er meir usikkert. Vi forstår at dette med skredfare må takast på alvor. Men her er det snakk om ein tilkomstveg på Midthjell, der det kjem til å køyre ein bil av og til. Skulle ein lagt same omsyn til grunn, så ville Europaveg 39 langs Skredestranda ikkje kunne nyttast. Her går det skred fleire gonger i året, utan noko som helst varsel på førehand, enn det at alle som bur i regionen veit at når snøen lavar ned, eller himmelens sluser opnar seg, så er det fare for skred. Altså er det ein reell fare for skred i Skredestranda, men ein stengjer ikkje vegen sjølv om ein veit at skredfaren er overhengande. Spørsmålet ein både bør og kan stille, er om det må bli tatt bilar og folk i skred før noko blir gjort? På rv. 5 i Kjøsnesfjorden har ein tatt skredfare på alvor, og sikra vegen med mange tunnelar.

Sjølvsagt skal vi ta åtvaringar om skredfare på alvor, også på Midthjell, men det bør leggast fram ein god dokumentasjon for at skredfaren faktisk er reell. Ser ein samla på denne saka, kan det virke som om avslaga handlar meir om prestisje enn forhold som skulle tilseie at det vil vere risikofylt å byggje og busetje seg i området. Ein kan gjerne meine at folk ikkje veit sitt eige beste, men då meiner vi at det må kunne dokumenterast.