Survival of the biggest?

I førre veke vart vi orienterte via media om at BKK stiller seg negative til fusjonsprosessen mellom Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi. Måten denne meldinga vart presentert på var oppsiktsvekkande.

Størst mogleg?: – Ein av grunnane BKK viser til når dei ønskjer å bli store er at Hafslund, som allereie er store, ønskjer å fusjonere med Eidsiva og bli enda større. Personleg trur eg slike prosessar må motiverast i verdiskaping for eigarane og ikkje ein konkurranse om å vere størst, skriv Johannes Rouboti. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd  Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Meiningar

Det er lagt ned store ressursar i ein prosess som er forankra gjennom samrøystes vedtak i styret både i SFE og i Sunnfjord Energi. Styra i begge selskapa har vorte orientert om status i nærast kvart styremøte. Då blir det ekstra spesielt å forsøke å stoppe prosessen før den kjem til formell handsaming i styret og i generalforsamlinga.

Synergiane er der

Som konsernsjef i SFE er det mi oppgåve å bidra til størst mogeleg verdiskaping for eigarane på både kort og lang sikt innanfor dei rammene eigarane gjev oss. Eg har heilt til det siste lagt til grunn at ein fusjon som ville bidra til ein vesentleg verdiauke på aksjane i SFE og Sunnfjord Energi ville vere av interesse for eigarane. Med BKK si haldning vil dei ikkje berre miste denne verdiauken på sine aksjar, men også ta frå dei andre eigarane i desse to selskapa ein monaleg gevinst.

No ser eg rett nok at BKK prøver å så tvil om dei synergiane som er påvist i detalj gjennom grundige prosessar som har involvert rundt 100 personar frå begge organisasjonar. Dei seier til og med at synergiane ikkje er konkretiserte. Det er heilt feil – desse synergiane er blitt presenterte og drøfta i to ulike styre der BKK er representert. Eg tillet meg også å meine det er ein viss inkonsekvens i å vere urokkeleg i trua på stordriftsfordelar i eit stort vestlandsk selskap med BKK i førarsetet, men ikkje sjå særlege synergiar mellom SFE og Sunnfjord Energi. Eg trur dei aller fleste med kjennskap til denne bransjen ser at det er vesentleg større synergiar mellom SFE og Sunnfjord Energi enn om Sunnfjord Energi skal leiast frå Kokstad i Bergen. Den einskilde får gjere seg opp si eiga meining om det.

Nettleiga skal utjamnast

Eg er samd med BKK i at nettleiga er ei utfordring både for SFE og Sunnfjord Energi. Dette er noko vi må ta på alvor, men det kjem ikkje av at vi er så mykje dårlegare til å driva nettet vårt. Det kjem delvis av at vi grunna geografien må investere meir for å føre straumen fram til kvar einskild kunde. I tillegg må vi gjere store investeringar i nytt nett i samband med utbygging av ny kraftproduksjon. Vi har derfor jobba aktivt for utjamning av nettleiga – og vi er glade for at den nye regjeringa seier dei vil fremje tiltak for at dette skal skje.


BKK har uttalt at dei er i mot utjamning av nettleiga. No viser dei at dei er for ei slik utjamning så lenge det kan skje som ein konsekvens av at BKK veks seg større. Då er det i alle fall viktig å hugse på at nettleiga ikkje blir låg fordi det er så store synergiar mellom Sunnfjord Energi og BKK. Den blir låg fordi dagens kundar i BKK Nett skal vere med å betale kostnadene knytt til nettet i Sunnfjord.


Om ein ikkje vil vente på ei varsla utjamningsordning, er det i alle fall viktig å passe på at den verkeleg blir utjamna gjennom ein eventuell fusjon. BKK vil kunne få kontroll på Sunnfjord Energi ved å eige meir enn 50 %, men dei må oppnå 67 % eigarskap for å kunne fusjonere Sunnfjord Energi og BKK fullt og heilt. Også ved ein full fusjon kan ein i ein periode velje å ha ulik nettleige, slik vi har sett døme på i Trøndelag.

Er størst alltid best?

Ein av grunnane BKK viser til når dei ønskjer å bli store er at Hafslund, som allereie er store, ønskjer å fusjonere med Eidsiva og bli enda større. Personleg trur eg slike prosessar må motiverast i verdiskaping for eigarane og ikkje ein konkurranse om å vere størst. Det var vel «survival of the fittest» og ikkje «survival of the biggest»?

No trur kanskje mange at eg ønskjer å behalde mest mogeleg som før? Slik er det ikkje, eg har jobba som toppleiar i energibransjen sidan 1993 og har vore pådrivar i strukturprosessar heile tida. Eg lærde ganske raskt at ein ikkje alltid får til dei strukturane ein helst ønskjer ut frå ein reint forretningsmessig ståstad med ein gong, gjerne grunna ulike politiske omsyn. Då er det viktig at ein likevel går nokre skritt i rett retning innanfor det som er mogeleg. Det beste må ikkje bli det gode sin fiende.


Mange av mine dyktige kollegaer har lagt ned eit godt og omfattande arbeid i å legge til rette for ein fusjon med naboselskapet vårt. Ein fusjon som gir dokumentert klare synergiar, og som vil gi auka verdiskaping for eigarane. Då er det skuffande å sjå at ein av eigarane bles av løpet rett før målstreken. Men det er ikkje for seint å tenkje seg om – til det beste for medeigarar, selskapa og lokalsamfunna.