Frå New York til Sogn og Fjordane - korleis regjeringa kan bidra til vekst i distrikta

Vi håpar Mæland ser moglegheiter heller enn hindringar når regjeringa skal forme distriktspolitikken, for vi ser store moglegheiter for vekst og utvikling av både lokalsamfunn og næringsliv i Sogn og Fjordane.

Er byråkratane i Oslo nær nok «diamantane» til å forstå korleis stadlege kvalitetar, identitet, nettverk og enkeltpersonar si kraft kan skape dei største suksessane?, spør Ingvill Flo, som saman med kollega Jan Flølo står bak denne kronikken.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Til sommaren får vi alle lese regjeringa sine ambisjonar for distrikts-Noreg. Den nye distriktsmeldinga lovar å peike på utfordringar og moglegheiter distrikta har framover. Vi i PwC var ein av fleire heldige som sist veke fekk gje innspel til stortingsmeldinga då statsråd Monica Mæland (H) besøkte Nordfjordeid.

Vi håpar Mæland ser moglegheiter heller enn hindringar når regjeringa skal forme distriktspolitikken, for vi ser store moglegheiter for vekst og utvikling av både lokalsamfunn og næringsliv i Sogn og Fjordane. Men det krev ambisjonar, kunnskap om lokale forhold og konkrete tiltak.

PwC er eit internasjonalt konsern med over 250.000 tilsette. Toppsjefen sit i New York. Kvifor har vi likevel fem kontor i Sogn og Fjordane? Jo, filosofien til PwC er at vi skal drive forretning så lokalt som mogleg. Vi skal vere der kundane våre er. Forstå deira rammevilkår og verdikjede. Med kontor i Stryn, Måløy, Sogndal, Florø og Førde er resultatet at vi kjenner regionen vi jobbar i. Samstundes kan vi samarbeide med kollegaer over heile verda. 

På same måte kan kommunane i distrikts-Noreg samhandle med fagmiljø regionalt, nasjonalt eller internasjonalt når det er behov for det, dersom det vert utvikla ein kultur for dette.

Det manglar ikkje på suksesshistorier, pågangsmot, evne eller vilje hos kommunar og verksemder i Sogn og Fjordane. Regionen kan skilte med mange bedrifter heilt i landstoppen i sin bransje. Mæland og regjeringa kan bidra til fleire slike suksesshistorier. Det viktigaste dei kan gjere er å leggje til rette for ein desentralisert maktstruktur.

Vi ønskjer oss eit Vestland der forvaltninga er tett på næringslivet, lokalsamfunna og verdiskapinga. Det er viktig at distriktspolitikken oppfordrar til sterke regionale samarbeid for å utnytte potensialet innan sjømat-, energi-, turist- og landbruksnæringa.

Er byråkratane i Oslo nær nok «diamantane» til å forstå korleis stadlege kvalitetar, identitet, nettverk og enkeltpersonar si kraft kan skape dei største suksessane?

Vår erfaring er at godt samarbeid mellom næringsliv og kommunar ofte skapar gode resultat, men at kommunane ofte må gå lange omvegar via andre offentlege etatar før ei avgjerd kan bli fatta. I fleire tilfelle kan dette vere ein «showstoppar» for spennande initiativ og lokal investeringsvilje. Distriktspolitikken bør difor stimulere til samordning og forenkling av byråkratiet.

Næringslivet på Vestlandet har mange små bedrifter, og gjerne ei leiing som åleine skal fylle fleire funksjonar. Skal desse bedriftene vere robuste over tid, er det viktig med samarbeid og kunnskapsdeling. Distriktspolitikken bør stimulere til etablering av kunnskapsklynger og kreative miljø, f.eks. gjennom behovsprøvde kompetanseprogram, samlokalisering eller digitale møteplassar. Vi har sett fleire døme på positiv næringsutvikling i møtepunktet mellom bedrifter og forskingsmiljø.

Reiseliv er ei næring i vekst. Fjord-Norge, og i Sogn og Fjordane, har eit autentisk vertskap, produksjon av lokal mat og naturopplevingar i verdsklasse. Vi har framvekst av spennande kulturprodukt. Sett frå turisten sin ståstad er ofte transportløysingar den største utfordringa i eit område med stor geografisk spreiing. Distriktspolitikken kan stimulere til betre kollektivtilbod og betre samordning mellom ulike transporttypar (fly, buss og båt). Dette er viktig både for oss som bur her og for turisten.

Berekraftig utvikling av reisemål vil bidra til bulyst, som igjen kan stimulere til positiv bustad- og arbeidsplassutvikling. Distriktspolitikken kan stimulere til dette, til dømes ved å støtte stads-og destinasjonsutviklingprosjekt.

Når regjeringa no skriv ei ny distriktsmelding, oppmodar vi Mæland til å sjå lyst på framtida til distrikts-Noreg. Vi er optimistar. Teknologien vil gjere avstandane mindre og det er mange dyktige menneske som vil utvikle det ressursrike samfunnet vårt.

Vi har tru på framtida, tru på næringslivet i Sogn og Fjordane.