Eit lite tankesprang om hets

Skal vi få fleire til å engasjere seg i lokalpolitikken er vi nøydde til å løfte kvarandre - snakke kvarandre fram.

Ole Martini er leiar i Vestland Unge Venstre og kandidat for Stad Venstre til kommunestyrevalet.  

Meiningar

Det politiske ordskiftet har i ein lengre periode vore prega av personangrep, mistenkeleggjering og hets. Politikarar som stiller til val med ønskje om å gjere lokalsamfunna våre til ein betre plass å bu i blir stadig oftare møtt med sjikane og truslar. Eg meiner at dette byrjar å bli eit reelt demokratisk problem.

At så mange kvinner i politikken opplever å bli utsett for hets, er særskild problematisk. I ei undersøking gjennomført av Amnesty International Norge viste det seg at to av tre kvinner i politikken har vore utsett for netthets. Vi må derfor spørje oss sjølve: Kva kan vi gjere for å motverke denne trenden?

Varaordfører i Ski kommune, Camilla Edi Hille (V), starta i 2018 ein liten kampanje på Facebook som omhandlar å snakke fram politikarar frå andre parti. Dette meiner eg er ein fin måte å bidra til å gjere politikken litt meir inkluderande.

Ein lokalpolitikar eg lenge har sett opp til er Vågsøy-ordføraren Kristin Maurstad (Ap). Trass hets og mistenkeleggjering har Maurstad klart å løfte fram det gode i Vågsøy og representert lokalsamfunnet sitt på ein god måte. Dette står det respekt av.

Sigurd Reksnes (Sp) viste i oktober at det ikkje er vanskeleg å snakke fram andre politikarar. Då det blei kjent at Lars-Svein Drabløs (Frp) kom til å trekkje seg frå lokalpolitikken, kommenterte Reksnes i Fjordabladet det gode Drabløs hadde fått til for Eid og regionen. Reksnes sette her eit godt døme for andre.

Skal vi få fleire til å engasjere seg i lokalpolitikken er vi nøydde til å løfte kvarandre - snakke kvarandre fram. Slik kan vi alle bidra til å gjere debattklimaet litt meir inkluderande, som er spesielt viktig når vi den komande valkampen skal vise veljarane kva vi er samde og usamde om. Eg trur vi alle har godt av å vere litt meir greie med kvarandre.